FRAM melder

I FRAM-appen finn ein både reiseplanleggar og avviksinformasjon.

Endring i FRAM sin kundeservice: Reduserer opningstida på telefon

Frå fredag 25. oktober gjer FRAM endringar i sin kundeservice. Då blir opningstida på telefonen til kundesenteret redusert. Dette skriv FRAM i ei pressemelding onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Årsaka til endringane er ein nedgang i talet på telefonar inn til kundesenteret og den økonomiske situasjonen til Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Vi ser at det er færre som kontaktar kundesenteret på telefon no enn tidlegare, seier Toril Karlsnes, markedssjef i FRAM marknad.

– FRAM må omstille seg til eit lågare driftsnivå, og då må vi bruke dei ressursane vi har på dei tenestene som størsteparten av kundane våre brukar. I dag er det dei digitale kanalane våre, altså FRAM-appen og nettsidene våre med tilhøyrande reiseplanleggar, seier Karlsnes.

Kan ringe ved behov

Sjølv om kundeservicen no i hovudsak vil gå føre seg digitalt, opplyser Karlsnes at det framleis vere mogleg for dei som har behov for det å kontakte FRAM per telefon.

– Dei som har utfordringar med å nytte dei digitale kanalane våre, kan ringe til FRAM på kvardagar mellom klokka 10.00 og 11.00.

Reiseplanleggar og avviksinformasjon finn ein både på nettsidene frammr.no og i FRAM-appen.

Powered by Labrador CMS