Stram økonomistyring i Møre og Romsdal fylkeskommune

Ei dame foran en storskjerm med et oppsett av tall.
Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak legg fram forslag til økonomiplan.

Tilrår innsparing i drifta på 79 millionar kroner

Fylkeskommunedirektøren tilrår innsparing i drifta i 2025 på til saman 79 millionar kroner. Tiltaka vil særleg ramme samferdselsområdet. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Det går fram av saka Økonomiplan med handlingsprogram 2025-2028 med budsjett 2025, som no blir sendt til politisk behandling. Fredag presenterte fylkeskommunedirektøren forslaget, og du kan sjå presentasjonen i opptak på fylkeskommunens KommuneTV (presentasjonen starter ca 23 min ut i sendinga):

Fylkeskommunedirektøren har tidlegare varsla politikarane om den krevjande økonomiske situasjonen som fylkeskommunen er i, som betyr at drifts- og investeringsnivået framleis må ned. Og sjølv om forslaget til statsbudsjett inneber at behovet for driftsreduksjonar i 2025 blir noko mindre enn tidlegare antyda, er det heilt nødvendig å tilpasse aktiviteten på fleire område.

– Store utfordringar framover

– Møre og Romsdal fylkeskommune har store utfordringar i åra som kjem. Dei tre største er ein vedvarande svak fylkeskommuneøkonomi, lågare overføringar frå staten på grunn av færre ungdommar i alderen 16-19 år, samt aukande behov for vedlikehald og investeringar i bruer, tunnelar og anna veginfrastruktur, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Fleire andre fylkeskommunar i landet står i same situasjon som Møre og Romsdal, og ser mellom anna på skole- og tilbodsstruktur, reduksjon i kollektivtilbod og auke i kollektivtakstane.

Nokre av forslaga til tiltak

Blant tiltaka i drifta som fylkeskommunedirektøren tilrår i økonomiplanperioden 2025-2028, er:

  • Reduksjon i rutetilboda på ferjer frå 1.5.2025
  • Takstauke på ferjene; éi takstsone på betalsamband frå 2025. Dessutan fem takstsoner for turistar på gratissamband og Eidsdal-Linge i perioden frå mai til og med august, gjeldande frå 1.5.2025
  • FRAM Ung: Senke øvre aldersgrense frå 24 til 19 år. Auke i pris med 24 prosent, frå dagens 450 kroner til ca. 560 kroner. Gjeldande frå 1.1.2025
  • Nedlegging av Tingvoll vgs. frå 1.8.2025
  • Samanslåing av Stranda vgs. og Sykkylven vgs frå 1.8.2025 
  • Avvikling av studiespesialisering og YSK ved Hustadvika vgs frå 1.8.2025

Frå 2026 og utover er det lagt inn fleire nye tiltak m.a. nedlegging av Hamnsundruta (hurtigbåt) frå 1.1.2027

Foreslår å styrke enkelte rammer

Men det er ikkje berre føreslått innsparingar. Det er i budsjettet for 2025 også innarbeidd styrkingar av enkelte rammer: 

  • 74 mill. kroner meir til fylkesveg 
  • 62 mill. kroner til samferdselsområdet for kompensasjon for svikt i kollektiv-inntektene
  • Vidaregåande skolar er styrka med 11,7 mill. kroner som følgje av vidareføring av åtte norskopplæringsklassar våren 2025
  • Vidaregåande skolar er styrka med 15 mill. kroner etter at dei etter inntaket for skoleåret 2024-2025 måtte opprette seks klassar utover det som var føresett
  • Tannhelsetenestene er styrka med 10 mill. kroner som følge av styrking av tilbodet for eldre med rettar i den offentlege tannhelsetenesta. 

– Arbeidet med omstilling av fylkeskommunen vil med det som er foreslått av endringar og tiltak i økonomiplanen ikkje vere ferdig. Vi vil måtte arbeide vidare med nivået på tilbod og gjennomføre strukturelle grep også framover for å nå eit berekraftig nivå på økonomien, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Med framlegginga fredag, blir forslaget til Økonomiplan 2025-2028 og budsjett 2025 sendt til politisk behandling, først i hovudutvala den 11. november, fylkesutvalet 25. november før endeleg vedtak i fylkestinget 10.-11. desember. 

Innbyggarar, organisasjonar og andre kan sende innspel til fylkeskommunedirektøren sitt framlegg til Økonomiplan 2025-2028.

Saka er henta frå Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS