Pressemelding frå Møre og Romsdal Bondelag:
Surnadal Bondelag kåra til Årets lokallag i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal Bondelag var samla til fylkesårsmøte i Molde 3.-4. mars. Der vart Surnadal Bondelag kåra til Årets Lokallag. Lokallagsleiar Eirik Fiske tok i mot diplom og premie på vegne av laget.
Surnadal Bondelag er eit lokallag som jobbar jamt og godt. I samarbeid med andre lag og organisasjonar arrangerer dei jamleg fagkveldar med tema knytt til ulike produksjonar eller andre tema som tek for seg ulike sider ved det å drive ein gard. Dei såkalla Kløverstukveldane gir ei god oppleving av kollegafellesskap, og betyr mykje både fagleg og sosialt.
Surnadal Bondelag er i tillegg godt synlege og aktive i lokalsamfunnet. Dei forheld seg aktivt til politikarar på ulike nivå. Dei gjer ein god figur i media lokalt og regionalt, der dei bidrar til å kaste lys over aktuelle saker. Dei har også ei eiga Facebookside som dei brukar godt, ikkje minst til å drive PR for eigne arrangement.
Laget har god kontakt og godt samarbeid med kommunen. Dette har kome godt med i året som gjekk, då lokalsamfunnet vart hardt ramma av uvêr. Laget har tatt mykje ansvar for oppryddinga etter Gyda, både med organisering og med praktisk innsats. Laget har også engasjert seg i forebyggande tiltak for å avgrense skade ved framtidige hendingar med uvêr og flaum.
Laget stilte også med traktor og hengar og flagg fremst i toget i den lokale Pride-markeringa. Ein tydeleg bodskap om at i landbruket og i lokalsamfunnet skal det vere plass til alle.
Surnadal Bondelag går no vidare til den landsdekkande konkurransen i Norges Bondelag om å bli Årets Lokallag 2022.
Bilettekst 2: Lokallagsleiar Eirik Fiske tok i mot diplom og premie på vegne av laget. Her saman med fylkesleiar Konrad Kongshaug og leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming. (Foto: Møre og Romsdal Bondelag)
Årsmøte og nytt styre i Møre og Romsdal Bondelag
Møre og Romsdal Bondelag var samla til årsmøte i Molde i helga. Utsendingar frå lokale bondelag i heile fylket kom saman til gode diskusjonar om aktuelle politiske saker i tillegg til tradisjonelle årsmøtesaker.
Konrad Kongshaug (Averøy) vart attvald som fylkesleiar. Etter valet har han med seg desse i styret: nestleiar Olav Håkon Ulfsnes (Aure), styremedlem Anna Håland Berget (Rauma), styremedlem Audun Skjervøy (Fjord), styremedlem Kjersti Ellingsgård (Molde) og 1.vara Lars Olav Vanberg (Ørsta).