FRAM melder

En buss

Kollektivtilbudet på 17. mai

På 17. mai køyrer FRAM sine hurtigbåtar, ferjer og dei fleste busslinjer søndagsrute, men det er nokre unntak og endringar enkelte stader i fylket. I byane Ålesund, Kristiansund og Molde er det eigne opplegg. Dette skriv FRAM i ei pressemelding mandag.

Sentrum i byane Ålesund, Kristiansund og Molde vil vere stengt i enkelte periodar på nasjonaldagen i samband forbindelse med tog og arrangement. Dette gjer at bussane må køyre andre trasear enn vanleg, og dermed ikkje kan bruke alle haldeplassar som normalt. På nokre av busslinjene er det sett opp ekstra avgangar.

På nasjonaldagen er det mange som skal vere med på feiringa. FRAM oppfordrar flest mogleg til å la bilen stå og heller bruke kollektivtransport viss dei kan. Det er lurt å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen og rekne god tid.

Sjå alle unntak og endringar for ruter/linjer på frammr.no

Powered by Labrador CMS