Møre og Romsdal Fylkeskommune
Idrettstipend til Aron Rodal Haugen
Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt idrettsstipend til utøvarane Lovise Skarbøvik Andresen frå Dimna IL, og Aron Rodal Haugen frå Trollheimen fjellsportklubb. Molde basketballklubb får årets klubbstipend. Alle stipenda er på 50.000 kroner kvar. Dette skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding onsdag.
– Vi gratulerer dei tre mottakarane så mykje, og håper stipenda vil hjelpe dei til å nå nye mål i idrettssatsinga si, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Mange gode søknadar
Idrettsstipendet skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 16-23 år som kan vise til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året. Dei skal også vise til gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg ønsker fylkespolitikarane å støtte opp om ein klubb som viser høgt aktivitetsnivå og god drift.
Stipendtildelingane viser eit mangfald av idrettsaktivitetar som framhevar utøvarar som gjer det godt i sine idrettar.
I 2024 var det til saman 82 individuelle utøvarar og klubbar som søkte om stipend. Søknadane fordeler seg på 28 kvinner, 28 menn og 26 klubbar.
- Dette er ein god del fleire søknader enn i fjor. Og det er gledeleg å sjå så mange gode søknadar, og det store mangfaldet av idrettar vi har i fylket vårt. Det er mange gode idrettsutøvarar og veldrivne klubbar, og konkurransen om stipenda er derfor hard. seier Gärtner.
Høgt nivå på kandidatane
Lovise Skarbøvik Andresen er 20 år gamal og er medlem og trener i Dimna IL. Ho driv med hekkeløp på korte distansar og har gull frå NM på 60 meter hekk innomhus i februar 2024, vart nordisk meister på same distanse i februar 2024, og tok NM-sølv sølv på 100 meter hekk utomhus i 2023. Alle resultata var i seniorklassa. Lovise ønsker å bruke stipendet til treningsopphald og konkurransar, utstyr, og medisinsk og fysikalsk behandling.
Aron Rodal Haugen er 17 år og er medlem i Trollheimen fjellsportklubb (Surnadal). Han konkurrerer og hevdar seg i både fjelløp og randonee. Aron vann norgescupen i randonee i 2024, og han vann to NM-gull i juniorklassa. Han tok bronse i seniorklassa i NM. Aron tok to sølv i VM i fjelløp for juniorar (U-16-klassa) i 2023, og ein bronse i blanda stafett i EM i randonee i 2024. Han er tatt ut til VM i fjelløp i Montenegro i sommar.
Molde basketballklubb vart stifta i desember 2018. Klubben har no om lag 200 aktive medlemmar i alderen 9-25 år. I tillegg til medlemmane så har klubben mange deltakarar i idrettsfritidsordninga si og arbeider dermed med rundt 350 barn kvar veke. Klubben har mål om å bli den største klubben i Region Midt (dekker Møre og Romsdal og Trøndelag).
Klubben legg vekt på gode haldningar, vennskap og samhold i treningskvardagen. Og dei har mål om å halde kostnadane låge. Klubben har som eit av utviklingsmåla sine at spelarar som fyller 15 år skal ta både trenar- og dommarkurs. Dei har det siste året mellom anna drive inkluderingstiltaket «inklubasket», hatt ei fritidsordning for skolebarn, gjennomført skolebesøk på fem skolar, og deltatt med sju lag i regionserien.
Molde basketballklubb ønsker å bruke stipendet til å sende trenarar på kurs. Dei vil også kjøpe inn ein del utstyr.
Stipenda vil bli utdelt under fylkeskulturkonferansen på Scandic Seilet, Molde, 11.-12. september.