Låge søkartal til helsearbeidarfag og påbygging i Surnadal - Forslag om at klassane ikkje blir sett i gang til hausten
Surnadal vidaregåande skole har få søkarar til vg2 helsearbeidarfag og vg3 påbygging til generell studiekompetanse til neste skuleår. Det er derfor reell fare for at desse to klassane ikkje blir starta opp i Surnadal til hausten.
Søkartala er under dei fastsette krava for oppstart av klassar, og fylkesommunedirektøren foreslår derfor at desse klassane ikkje blir starta opp ved skulen til hausten. Rektor Hilde Andersen håpar likevel at fylkespolitikarane vel å la skulen behalde dei to klassane.
– Det er særleg viktig for regionen at det blir utdanna nok helsefagarbeidarar. Surnadal kommune lyste nettopp ut heile seks læreplassar i helsearbeidarfaget, noko som stadfestar behovet for arbeidskraft, seier ho.
Blir bestemt 24. mars
For låge søkartal gjer at fylkeskommunedirektøren foreslår at til saman 34 klassar på 13 skular ikkje blir sett i gang skoleåret 2022/2023. Saka skal først til behandling i yrkesopplæringsnemda 23. mars, deretter til utdannings- og kompetanseutvalet 24. mars. Dette meldte Møre og Romsdal fylkeskommune på si heimeside torsdag.
Fylkeskommunedirektøren har i all hovudsak grunngjeve si innstilling i dei kriteria som politikarane har vedteke i 2014:
- Krav om minimum 65 prosent oppfyllingsgrad av vedtatt kapasitet på studieførebuande utdanningsprogram
- For å kunne starte opp halvklassar innanfor yrkesfag som rekrutterer til lærefag, er kravet minimum seks primærsøkarar
- For yrkes- og studiekompetanse-tilboda (YSK) er minimum kapasitet satt til ti primærsøkarar, som også oppfyller karakterkrava i matematikk og naturfag.
For Surnadal vidaregåande skole gjeld dette Vg2 helsearbeidarfag og Vg3 påbygging til generell studiekompetanse/Vg4 påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse. Dei to sistnemnte er i praksis ein klasse, fortel rektoren.
Bekymringsfullt at det er få søkarar til helsearbeidarfag
Skulen har hatt anledning til å kome med innspel til saka på førehand. Andersen fortel at dei har argumentert med at det er viktig for regionen at det er mogleg for ungdom å velge desse utdanningstilboda lokalt. Dette kan ha store konsekvensar for det lokale arbeidslivet. Ho påpeikar at det er stort behov for folk i helsevesenet i regionen, og at det er viktig for Surnadal og nabokommunane at skulen har desse utdanningstilboda. Ho synes det er bekymringsfullt at det er få søkarar til utdanning innan helse.
– Vi respekterer og forstår innstillinga frå fylkeskommunedirektøren. Det er ikkje forsvarleg å starte opp klassar med veldig få elevar, men vi har håp om at vi få behalde klassane likevel, seier ho.
Ingen nedgang i samla søkartal
Da søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3.553 ungdommar søkt om skoleplass på vg1 i Møre og Romsdal. Det er 118 færre søkarar enn ved førre skoleår, som følge av at kullet med 10.-klassingar er mindre enn i fjor. Nedgangen i talet på søkarar i fylket er på 3,2 prosent samanlikna med året før, men for Surndal vidaregåande skole er elevtalet for neste år det same som inneværande skoleår. Det er fordelinga på linjene som er ulik.
Hilde Andersen seier det er gledeleg at det er gode søkartal til studiespesialisering og til teknologi- og industrifag. Det var akkurat nok søkarar til at vg1 bygg- og anleggsteknikk kan starte opp.
Tilboda består
Andersen presiserar at om skulen mistar klassane for helsearbeidarfag og påbygging neste år, så betyr ikkje det at tilbodet forsvinn.
- Tilboda om vg2 helsearbeidarfag og vg3 påbygging vil vere der for søkarane året etter. Sjøl om elevtalet ved skulen er stabilt frå dette skuleåret til det neste, så ser ein på fødselstala at elevtalet kjem til å synke i åra som kjem. Det betyr at skulane må tenke nytt framover, og samarbeide om kva skular som tilbyr kva, avsluttar Andersen.