
Misjon - i 180!
– Til gagn og glede for eiga grend og grannelag og fjerne land og folkeslag ... Same kvar dei kom i verda, var todalsfolket med på ferda.
Samanhengande aktivitet i 180 år - nordmørsrekord? Todalen Misjonsforening markerte jubileum i fullsett Eidet Bedehus laurdag.

Verdig program
Innleiiande sitat er frå Sverre Hatle sin prolog. I tillegg bar mange fram sterke inntrykk av misjon før og (ikkje minst) no. Det kom engasjerte gratulasjonar frå kommune, kyrkje, naboforeiningar og private. Fulltonande solo- og allsong, misjonsgåve og nydeleg servering fylte ut eit program som var jubilanten verdig.

Leiar Einy Elgsæther med stor og dyktig stab viste eit kjempearbeid før og under arrangementet. Einy har sjøl vore misjonær og viste at ho kjenner både utetenesta og lokalarbeidet til fulle. Og dei trufaste andre gjer bedehuset til eit levande miljø.
Av landets eldste
Med sine 180 år er Todalen Misjonsforening nesten like gammel som moderorganisasjonen Det Norske Misjonsselskap. Straks det gamle forbodet mot lekmannsforkynning («Konventikkelplakaten» av 1741) var oppheva, vart NMS danna i 1842. Dermed lausna ein flaum av oppdemnt iver rundt landet. 17. desember 1845 vart (Indre) Todalens Missionsforening stifta – i dag ei av landets eldste! Ho fekk oppslutning frå omtrent alle i bygda.

Gamle dokument, reinskrivne av Nils Kalseth i si tid, fortel om statuttane: - «Vi samtlige Medlemmer finder en Samvittighetspligt i at virke med til Guds Riges Udbredelse iblandt ikke Christne Folkeslag.»
At mannfolk som lærar Erik Kårvatn stod for leiinga i starten, var i tråd med den tids kjønnsroller. Men kvinnene fekk mynde i kristne lag lenge før allmenn stemmerett i samfunnet! - Frå 1870 var kvinnene i leiinga, sa Einy Elgsæther under festen.
Møtebøkene som bevarer historia, imponerte mellom andre ordførar Hugo Pedersen, som i si sterke helsing poengterte verdien av det skrivne ord i ei tid da digitale media ofte kan vera upålitelege.
Frå 1996 har den lokale Sjømannsmisjonen vore del av foreininga.
Ideelt arbeid
Mange sider av NMS sitt arbeid lokalt og ute vart belyst av gjestar på jubileumsfesten. I sin fyldige prolog drog Sverre Hatle dei store (og nære) linjene – historisk og geografisk. Astri Wessel helsa frå organisasjonen, Kari Sødal, Svein Dalen, Liv Anne Innerdal og Inger Marie Paulsen frå NMS-kretsstyret og lokale foreiningar. - I fleire av bygdene våre er lag frå 1860-talet framleis aktive, sa Kari Sødal. - Og no i 2025 er det starta ny mannsforeining - på Frei!
Særleg inntrykk gjorde Landy Bakke. Ho er tidlegare misjonær og norsk innflyttar frå Madagaskar, eit viktig misjonsområde for NMS heilt frå 1867. Via powerpoint viste ho glimt av det ideelle arbeidet der i dag - frå helsetiltak til menighetsliv.

Lovord og lovsong - under høgt tak
Sokneprest Pål Arne Winsnes helsa frå det kyrkjelege fellesrådet med blomster til jubilanten.
Tidlegare ordførar, forkynnar, bonde og Surnadals første kyrkjeverje Nils Magnar Torvik hadde ein kort og engasjert appell. Han rosa komiteen og poengterte betydninga av bedehusa våre, som kanskje ikkje har vore verdsette etter forteneste opp gjennom tida. Torvik siterte legendariske Arthur Klæbo: - Det kan vera høgare under taket på bedehusa enn på Folkets Hus!
Noverande ordførar Hugo Pedersen hadde eit varmt og tankevekkande innlegg om verdien av misjonsarbeidet. - Og sjøl om kommunen er blakk - som de veit, har eg hosta opp eit lita pengegåve til 180-åringen! smilte han.

Song prega møtet - både i levande soloinnslag ved Svein Volle og med ei fulltonande forsamling.
