Portrettbilde av ein mann.
Knut Tronvold
Publisert Sist oppdatert

Minneord

Rektor Knut Tronvold

1927 – 2023

Valdres kommunale høyere allmennskole fekk hausten 1961 ny rektor, Knut Tronvold. Gjertrud, kona hans, underviste i realfag. Ho hadde farsslekta si på Moen i Åbjør og dei var lokalkjente i området. Dei kom med sønene Erik og Trond og hushjelpa Agnes Aarnes og slo seg ned på hytta ved Herevatnet til leilegheita i Aurdal stod ferdig.

Dei kom frå Surnadal der Tronvold fyrst var rektor på realskulen .Han var tidleg ute med å få til linedelt ungdomskule i kommunen. Eg veit at elevane der sette stor pris på han.

Vi elevane i Valdres var spente. Det synte seg fort at vi var heldige. Tronvold underviste i historie og tysk, og han hadde vi stor respekt for. Vi lærte mykje. Gjertrud hadde realfag. Ho var drivande flink, og med det fine vesenet sitt, kjende alle seg trygge.

Det tok ikkje lang tid før rektor fekk i stand elevråd og skuleavis. Det vart elevkveldar med underhaldning, leikar og mykje moro. Vi fekk ansvar og likte det. Det vart skuletur til Bagn der det var harde kampar under krigsutbrotet våren 1940 og tur til helleristingane i Nordre Land. Tronvold fekk ordna med at ei vandreutstilling i målarkunst vart sett opp i gymnastikksalen vår. Det var nytt og spennande for oss.

Nokre av elevane sette opp eit syngespel og ei av dei forma kulissar, kulissar som vart brukte i mange år etter at vi slutta.

Ei gruppe elevar hadde lang ventetid før dei kunne ta bussen heim. Det ordna Tronvold opp i. Han hadde evna til å sjå problem og løysa dei til beste for elevane.

Det hadde i mange år vore snakk om å etablere gymnas i Valdres, men ingen hadde gjort noko aktivt for å realisere draumen. Rektor Tronvold var samfunnsengasjert og hadde stor arbeidskapasitet. I løpet av andre arbeidsåret hans her, var Valdres Gymnas ein realitet, og vi slapp å reise utanbygdes og bli hybelbuarar. Engelsklina vart etablert.

Året etter starta reallina. Då fekk vi høyre om at det var krefter som ville fjerne rektor Tronvold. Vi sende brev som alle elevane skreiv under på til departementet der vi bad om å får behalde rektoren vår som var så viktig for oss. Vi vann ikkje fram.

Våren 1965 var vi russ. Kort tid etter flytte familien Tronvold til Støren der han hadde fått rektorstillinga ved Gauldal gymnas. Då hadde dei fått. fått dottera Anne Gunvor som var to månader gamal

Vi, som høyrer til i fyrste avgangskullet, har dei siste åra samlast i august kvart år. Då minnes vi skuletida og syng mellom andre dei tyske songane Tronvold lærte oss. Gode minne lever!

På vegner av takksame elevar: Reidun Dølehuset

Powered by Labrador CMS