Gyda Stolsmo til minne
Gyda Stolsmo si gravferd frå Åsskard kyrkje vart eit vemodig og vakkert farvel med ei uvanleg dyktig og oppofrande kvinne. Oppmøtet beviste ein stor vennekrets.
Under oppveksten og seinare var Gyda nært knytta til morsgarden Heggem. Foreldra, Brit og Gunnar Settem, bygde heimen Elvetun like ved.
Ho var eit uvanleg dyktig arbeidsmenneske. Som 12-åring miste ho mora og laut klare mangt åleine, sidan far Gunnar var på sjøen. Ja, Gyda hadde si eiga ku på garden!
Gyda vart gift med Aksel Stolsmo i 1954. Dei fekk borna Brit og Gunnar Arne. Seinare er barnebarn og oldebarn komne til.
Tidleg skaffa ho seg motorsykkel og vekte oppsikt som kvinneleg kubikksjarmør. Etter kvart reiste ho og Aksel mykje med eigen bil og på bussreiser i inn- og utland.
Attåt eigne plikter hjelpte ho andre som trong det. Som under sauelamminga om våren – da drog ho gjerne bygda rundt med sin fagkunnskap.
Gyda var heimehjelp både i Bøfjorden og ved behov i resten av Surnadal kommune. Langt ut over pliktene viste ho også omsorg på andre måtar - med skyss og besøksteneste.
I 2007 var ho tildelt Eldreprisen av Surnadal kommune – «for iherdig frivillig innsats for ulike organisasjonar». I grunngjevinga er framheva arbeid for idrettslag, bygdekvinnelag, museum og eldreråd ved sida av jobben i heimesjukepleia og som heimehjelp.
For Bøfjord Idrettslag utretta ho mykje - i fotball- og trimgruppa, med basarar og anna. Sjøl var ho svært aktiv i terrengløp og trimaktiviteter. Gyda vann dameklassen i det første Blåfjelløpet i 1973, og med mesta daglege turar til Skarhaugen og Håkkåsteinen var ho i mange år lagets beste trimmar på kvinnesida.
Like eins gjorde ho stor innsats for Bøfjorden Historielag - som styremedlem, vertskap og kjøkenhjelp på sjøbruksmuseet.
Gyda var ei bestemt dame med sine meiningars mot. Ho kunne gripe inn når det trongst.
På dramatisk vis skjedde det ein vinterdag da onkel John Heggem fall over bord frå båten og hjelpelaus vart sittande fast i fiskegarnet. Da var det Gyda som saman med tante Kristine fekk bergingsbåt på sjøen og rodde til unnsetning.
Ei rørande helsing under gravferda kom frå vesle Harald på nabogarden Dragset. Smårollingen opplevde Gyda med omsorg og trøst når vegen heim frå skulebussen var lang og den store verda utrygg. Gyda hadde sjokolade i skåpen - og kunne til gjengjeld få egg som guten hadde med frå Dragset. Båredekorasjonen med røsslyng, småegg og sjokolade var vedlagt eit brev frå ti-åringen: «Gyda var den beste vennen min ... Takk for god prat og mykje sjokolade.»
Varme ord i ei vemodig stund. Fred med Gyda Stolsmo sitt minne!