Bjarne Solem

Bjarne Solem til minne

Publisert Sist oppdatert

Slekt, naboar og venner var samla i Øye kyrkje til avskjed med Bjarne Solem torsdag 26. september.

 Prest Torbjørn Brøske teikna eit fint portrett av Bjarne, som døde veka før - 96 år gammal. Han vaks opp i Asplia i Settemsdalen saman med mor Berntine, far Olaf og fem brør.

Bjarne vart gift med Jorunn Sættem i 1959. Dei fekk sønnen Oddmund. Som arbeidskar var Bjarne innom fleire område – mest ved ÅSV på Sunndalsøra, der han starta 25 år gammal og sia var arbeidsformann. Dei første åra var han pendlar, men frå 1960 budde heille familien der.

 Barndommen i Asplia var god og prega av samhald - både i kvardagens mange arbeidsoppgåver og i fristundene - der særleg musikken sette sitt særpreg.

 Aspli-gutane var musikalske og spela fleire instrument - mest fele og trekkspel. Medan særleg bror Erling og nevø Oddvar var dyktige utøvarar i ulike spelemannslag (Sunndal, Nordmøre og Hjelmen), satsa Bjarne, og seinare sønnen Oddmund, på trekkspelet.

Ein stor inspirasjon for unge Bjarne var det å høre trekkspellegenden Calle Jularbo halde konsert på Sunndalsøra. Sjøl kom han, Oddmund og andre til å glede mange med eigne konsertar på institusjonar og samlestader rundt i Surnadal. Ikkje minst var samarbeidet med songduoen Karen Oddny og Sigfred Gravvold til store glede overalt dei kom.

 Karen Oddny understreka dette på gripande og humørfylt måte i ei minnehelsing ved båra. 

- Bjarne var musikalsk bevisst og ikkje redd for å seie ifrå når det ikkje let slik det skulle! sa ho.

Gravferda 26. september skjedde på dagen 81 år etter Bjarne sin konfirmasjon. Og eit minne vart nemnt: Foreldra spurte kva han ønska seg til konfirmasjonsmiddag. - Haresteik! svara guten. 

- Men da må du sjøl skaffe hare! sa dei. Og konfirmanten drog på jakt og kom att med mat til festmiddagen! 

Jorunn og Bjarne oppdaga tidleg at sønnen Oddmund i rikt monn hadde arva familiens musikalitet. Alt som 4-åring fekk guten sitt første trekkspel. Med god instruksjon av Bjarne utvikla han både ypperleg teknikk og eit stort repertoar. Som komponist har da også Oddmund skapt eit flott musikalsk familiealbum, mykje av dette innspela på CD. 

Bjarne viste stor omsorg for kona Jorunn – ikkje minst dei mange åra ho var langtidssjuk. Sjøl hadde han også helseplager den siste tida. Men, som niesa Ingrid uttrykte det i samband med gravferda: 

- Han var likevel blid og positiv, med mykje humor og latter. 

Bjarne kunne ha sterke og reflekterte meiningar om det meste. Saman med humoren, dei gode historiene og musikaliteten flettar dei seg inn i eit fargerikt teppe av gode minne om ein mann vi vil sakne.

Powered by Labrador CMS