Møre og Romsdal Bondelag

Leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Olav Håkon Ulfsnes

Milliardoverskot i daglegvarekjedene medan bøndene slit økonomisk

– Dei store matvarekjedene tener gode pengar på maten dei sel. Bonden får ein stadig mindre del av denne verdiskapinga, seier Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding torsdag.

Publisert Sist oppdatert

NorgesGruppens årsmelding for 2024 viser eit overskot på heile 4,88 milliardar kroner før skatt. Samstundes har konsernet bestemt å betale ut over éin milliard kroner i utbytte til eigarane. Dette skjer medan norske bønder slit med svak lønsemd og får ein relativt liten del av verdiskapinga frå det dei produserer.

Norsk landbruk sikrar dagleg trygg og god mat til forbrukarane, men det er matvaregigantane som sit att med dei største inntektene. NorgesGruppen åleine hadde i 2023 ein marknadsdel på 42,9 prosent, og maktkonsentrasjonen i daglegvarebransjen i Noreg er blant dei sterkaste i Europa. Tre store kjeder kontrollerer 99 prosent av all matvarehandel i landet, noko som ikkje er gunstig verken for bonden eller for forbrukaren.

Matprisane i butikk har stige jamt, mens prisane bøndene får for sine varer ikkje har halde tritt. Det er liten samanheng mellom den prisen bonden får for kjøt, mjølk, korn og grønsaker og det forbrukarane må betale i butikken.

I fjor undersøkte for eksempel Norges Bondelag prisauken på matvarer i butikkane frå 2023 til 2024 og samanlikna med det bonden fekk for dei same produkta. For alle varene Bondelaget undersøkte, var prisauken i butikk større enn prisauken til bonden. Særleg påtakeleg var dette for storfekjøt, der prisen til bonden gjekk ned med kr 4,60 mens butikkane auka prisen med kr 12,96.

Norsk matproduksjon er ein berebjelke i beredskapen vår. Dersom ikkje bøndene får betre rammevilkår og ein rettvis del av verdiskapinga, vil det bli stadig vanskelegare å oppretthalde ein berekraftig og lønsam matproduksjon i heile landet.

– Det store overskotet til NorgesGruppen viser at det er rom for ei meir rettferdig fordeling i verdikjeda for mat. Dette handlar ikkje berre om økonomi, men også om matsikkerheit og evna vår til å produsere mat i utrygge tider, seier Olav Håkon Ulfsnes.

Møre og Romsdal Bondelag forventar at Stortinget tek grep for å styrkje bondens del av verdiskapinga. Sikkerheit for trygg og stabil matberedskap startar hos bonden – ikkje i kassa på daglegvarebutikkane.

Møre og Romsdal bondelag
Powered by Labrador CMS