Sunniva Halvorsen var glad for å kunne kjøpe signerte bilete av Kalla Skrøvseth for ein rimeleg sum.

Lokal kunst på NMS Gjenbruk

Publisert

Det er noko som heiter at den største glede ein kan ha er å gjere andre glad. Det er mykje hyggeleg å oppleve for oss som jobbar på NMS Gjenbruk på Skei. I går, onsdag, la eg ut eit innlegg på vår facebookside om at vi hadde fått inn nokre bilete av kunstneren Kalla Skrøvseth.

Men det er ikkje så ofte vi får så rask reaksjon som denne gongen. Sunniva Halvorsen kom innom og kjøpte nokre av bileta. Ho var spesielt interessert i kunsten til Kalla Skrøvseth. Ho håpa at ho ein gong kunne skaffe seg ein litt større original av Kalla Skrøvset. 

Det er kjekt med blide kundar, og i vår butikk kjem det stadig nye varer inn i butikken. Vi er no i ferd med å satse meir på klede, og i går var det også mange kundar gjekk glade ut av butikken med "nye" gjenbrukte klede.

Powered by Labrador CMS