
Tellesbø Karosseri AS sertifisert som Miljøfyrtårn
Måndag denne veka var ordføraren i Surnadal, Hugo Pedersen, på besøk hos Tellesbø Karosseri for å dele ut godkjenning som Miljøfyrtårn.
For å bli sertifisert skal søkar gjennomføre ei miljøkartlegging av verksemda, og deretter iverksette tiltak for å oppfylle bransjekriteria. Arbeidet med å oppfylle kriteria blir gjort med hjelp av ein godkjent Miljøfyrtårn-konsulent, som har kunnskap og erfaring med miljøsertifisering.
– Som ordførar i Surnadal er det stor stas å være med å dele ut dette, sa ein stolt Hugo Pedersen til ein strålande fornøgd Bjarne Tellesbø, mens han overleverte den store plakaten som no skal pryde veggen på verkstaden.
På plakaten står følgande tekst:
Verksemda oppfyller strenge kriterium innan avfall/ombruk, energi, innkjøp, transport og arbeidsmiljø. Krav vert stilt til forankring og målretta forbetringsarbeid, og i tillegg årleg innrapportering og offentleggjering. Dette er dokumentert ved eit eige sertifikat som er påført gyldigheitsperiode. Miljøfyrtårn er anerkjent av EU.
Tidkrevjande prosess
-Det var ein tidkrevjande prosess, men eg fekk litt hjelp frå dottera mi og frå Mekenomen, seier ein smilande Bjarne.
– Verksemda vart sertifisert i april i fjor, og vi må inn med nye tal no i april. Om tre år må vi resertifiserast. Det blir ein litt enklare prosess, men det vil ta tid likevel, forklarer han.
Tiltaka inkluder markering av kildesorteringsstasjonar, slik at alle veit kvar ting skal kastast. No bruker vi mest mogleg vatnbasert lakk til lakkering, og oppvarming av bygget er gjort med fjernvarme frå elva. Bjarne undersøker óg moglegheita for framtidig bruk av elektrisk bergingsbil.
Viktig for verksemda
Det er viktig for verksemda å ha denne sertifiseringa. Forsikringselskapa krev det for å gi oppdrag med reparasjon av bilar. Snart kjem det krav frå Surnadal kommune om sertifisering for å kunne jobbe på deira bilar og, tilføyer Bjarne
Hugo Pedersen og Bjarne Tellesbø oppfordrer fleire verksemder til å bli Miljøfyrtårn, og ordføraren kunne informere om at Surnadal kommune jobber mot sertifisering for kommunen og.