Midtsommar i Surnadal

Det vart servert is, kaffe og juice

Ein naturleg heilaftan

Publisert Sist oppdatert

I samband med «Midtsommar i Surnadal», inviterte Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) store og små til ettermiddagstreff i og ved Surnadal kulturhus tysdag ettermiddag og kveld.

Slik midt på treet

Responsen på invitasjonen var slik midt på treet, noko det fine vêret nok må ta ein god del av skulda for, men dei som kom fekk servert is, kaffe og juice.

Liar i SJFF, Turid S. Eggen, kunne informere dei frammøtte om at dei frå og med i haust har overteke driftsansvaret for Vaulen på vegne av Surnadal kommune. Ved å overta driftsansvaret her, vil SJFF, i tillegg til fjellvatn fiske som dei allereie har hatt nokre år, også få tilgang på små- og storviltjakt.

Det vart også informert om SJFF sin heilt nye skytesimulator som er montert i klubbhuset på Tellesbø. Simulatoren har moglegheit for trening både på mål som står stille og røyrer på seg. Her vil det etter kvart bli faste kveldar med simulatorskyting, noko det kjem meir informasjon om etter kvart.

Leiar i SJFF Turid S. Eggen prøver å verve nye ungdommar

Filmen "Jakt- og fiskelandet"

På Angråmyra skytebane har SJFF eit godt samarbeid med Surnadal Skyttarlag. Her har SJFF leirduebane, jaktfeltbane og bane for springande elg.

Turid kunne også fortelje at det i år var 17 personar som fullførte jegerprøven, og at mange av desse var damer. Dette lovar godt for rekrutteringa sa ho.

Til slutt i bolken med informasjon, kunne Turid fortelje at SJFF har mykje utstyr til utlån, både til jakt og fiske. Så her er det berre å ta kontakt om ein ønsker å låne noko!

Etter informasjon og servering flytta heile gjengen seg inn i kinosalen på kulturhuset. Der fekk dei sjå filmen «Jakt- og Fiskelandet», ein film som vart laga til Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) sitt 150 årsjubileum i 2021.

Filmen varte i 1 time og 10 minutt. Filmen inneheld 24 små klipp av jakt og fiske i Norge, som er sett saman til ein flott film for dei som er jakt- og fiskeinteressert, men også ein fin film for oss som ikkje er spesielt interessert i jakt og fiske, rett og slett fordi vi får sjå mykje flott norsk natur innramma av fin musikk.

Det gode vêret la nok ein liten dempar på oppmøtet

Filmen var ganske populær da den gjekk på kino i 2021/22, og det var nok fleire av dei som såg filmen tysdag kveld som hadde sett den minst ein gong tidlegare. Men, som kjent, gode filmar kan ein sjå opp att og opp att!

Vinnarar av aktivitetslotteriet

Siste programpost på ettermiddagstreffet til SJFF var offentleggjering av vinnarane i jeger og fiskarforeininga sitt aktivitetslotteri for 2024. Dette er eit lotteri til inntekt for aktivitetane i foreininga.

Gunnar Segtnan vann tredjepremien på 1.405 kroner, Jenny Marie Settemsdal vann andrepremien på 2.810 kroner, medan tvillingane Ailo og Milian Bele vann førstepremien på 7.025 kroner .

Til slutt nytta Turid høvet til å takke alle loddkjøparane for støtta, ei støtte som kjem godt med i det vidare arbeidet med å skape aktivitetar for yngre og eldre!

Powered by Labrador CMS