Midtsommar i Surnadal

Arbeidsgruppa for "Midtsommar i Surnadal". Fra venstre: Mette Sæter Ormset, Liv Dalsegg, Øyunn Aune, Heidi Meslo Sæther, Øystein HJelle Bonhus, Live Aakvik og Bergsvein Brøske

"Midtsommar i Surnadal" også i 2025

Måndag føremiddag inviterte arrangørane av "Midtsommar i Surnadal» pressa til pressekonferanse for å fortelje om evalueringa av årets midtsommarfest, og planane dei har for 2025.

Publisert

Spenninga knytt til om det blir "Midtsommar i Surnadal" eller ikkje i 2025, vart utløyst på laurdag, da det vart kjent at det også i 2025 blir "Midtsommar i Surnadal" frå torsdag 19. juni til og med søndag 29. juni.

Mette S. Ormset og Bergsvein Brøske kunne under pressekonferansen fortelje at dei har teke lærdom av årets arrangement, og difor har valt å organisere arrangementet litt annleis for 2025.

Det vil for årets arrangement vere ein Hovudkomité, som skal ha det overordna ansvaret for arrangementet, medan det skal vere tre underkomitear, som skal ha hovudansvaret for innhaldet og dei forskjellege arrangementa under midtsommarfesta. Dei tre underkomiteane rettar seg mot lag- og organisasjonar, marknadsføring og handel- og service.

Hovudkomiteen tek sikte på å ha fylt opp alle underkomiteane i løpet av første halvdel av november.

I evalueringsrapporten for årets arrangement, som også vart presentert under pressekonferansen måndag, viste at 100 prosent av svara som kom inn var heilt klare på at Surnadal treng eit slikt arrangement som «Midtsommar i Surnadal».

Band på scena med gutt og jente i forgrunnen.
Hedda og bandet «Silent» fra ein av konsertane i "Midtsommar I Surnadal i 2024

Nokre av svara på evalueringsskjemaet peikte på at det var ønske om ein meir effektiv organisering av koordineringsarbeidet, noko arrangørane har teke omsyn til, gjennom å opprette underkomitear i tillegg til hovudkomiteen for 2025.

Hovudkomiteen er tenkt samansett av mellom anna sponsorar og bidragsytarar til midtsommarfesta. 

- Dette blir en stor gruppe som skal møtes tre ganger før neste års arrangement seier Mette S. Ormset.

Det største arrangementet under årets midtsommarfest var konsertane framfor Surnadal kulturhus på Skei fredag og laurdag i regi av Surnadal konseptutvikling (SKUV). Konsertane vart ein suksess, og totalt vart det selt 1350 billettar dei to kveldane.

Programmet for "Midtsommar i Surnadal 2025 "håper hovudkomiteen å kunne presentere rett før jul, eller tidleg på nyåret.

Powered by Labrador CMS