Surnadal Heimbygdlag melder:

Mageplask i staden for styrking av norsk språk?

Surnadal Heimbygdlag hadde årsmøte 3.mars 2021, med vanlege årsmøtesaker og brukbart frammøte. Styret vart attvald, og Trygve Roaldset held fram som leiar. Styrkår Brørs heldt ei svært interessant orientering om den minneboka som skal komme, om revyhistoria i Surnadal. I november vil det bli «bokslepp», saman med 2 revyforestillingar.

Publisert

På årsmøtet i Surnadal Heimbygdlag vart elles følgjande fråsegn samrøystes vedtatt:

11.mars 2021 skal Stortinget drøfte den nye språklova. Stortingsdebatten er konklusjonen på ein lang prosess. Lova avløyser språklova frå 1980. Solberg-regjeringa la i 2017 fram utkast til ny lov, og utkastet har vore ute på høyring med frist 15/11-2019, der 116 høyringssvar kom inn. Deretter har regjeringa drøfta innspela og laga justert framlegg, og så har kulturkomiteen på Stortinget laga tilråding til vedtak.

Den nye språklova såg lenge ut til å vere eit prestisjeprosjekt for Venstre i regjeringa. Det var Trine Skei Grande som la fram lovutkastet i 2019, og Abid Raja har snakka entusiastisk om lova som skulle komme. Men no i innspurten synest det tydeleg at det er den samla regjeringa som står bak lova. Og det ser dessverre ut til å bli svært lite gjennomslag for dei konkrete krava som Språkrådet og m.a. målrørsla har vore spesielt opptatt av: - krav om at tilsette i stat og fylke skal kunne skrive både nynorsk og bokmål - klageretten for språkorganisasjonane - sanksjonar ved brot på språklova - digitale læremiddel og kontorstøtteprogram på både nynorsk og bokmål. - større offentleg ansvar for utvikling av norsk fagspråk - styrking av Språkrådets rolle når det gjeld råd om skrivemåte og namneskikk. (jf Vy, OsloMet o.a.) Den sjansen som Stortinget no 11.mars har til å følgje opp formålsparagrafen i Språklova og gi norsk språk eit løft og ei styrking, synest på mange område heller å bli nytta til eit gedigent mageplask!

Powered by Labrador CMS