LESERINNLEGG:

Geir Inge Lien

Narkotika er ulovleg og politiet må kunna gripe inn

Med Senterpartiet i regjering er det krystallklart at narkotika skal vera ulovleg.

Bruken av narkotika, og spesielt kokain, har gått kraftig opp dei siste åra. Det er svært alvorleg, og det er all grunn til å slå kokain-alarm. Ferske tal frå ei europeisk undersøking viser at Noreg er på tredjeplass i Europa når det gjeld kokainbruk blant unge mellom 15 og 34 år. Nyleg kom TV2 med ei undersøking som viser at talet på overdose-innleggingar blant unge under 30 år har gått kraftig opp, spesielt frå 2021.

Våren 2021 la den dåverande Høgre-regjeringa fram ei radikal rusreform. Høgre ville opna for at folk kunne gå rundt med mange brukardosar med til dømes kokain, heroin og amfetamin utan å bli straffa for det. Heldigvis fekk mellom anna Senterpartiet stoppa Høgres radikale narkotika-forslag i Stortinget. Det er likevel ingen tvil om at Høgres naiv narkotikasyn dessverre har bidrege til at altfor mange unge i dag trur det er innanfor å bruke kokain og andre narkotiske stoff. I tillegg har mange politifolk vorte usikre på kva verkemiddel politiet eigentleg har for å gripe inn i mindre narkotikasaker, som til dømes om ein 20-åring røykjer hasj. Dette vil Senterpartiet rydde opp i.

Denne veka kom eit regjeringsoppnemnt utval med ein rapport om nettopp dette. Synet frå utvalet er mellom anna at politiet bør ha verkemiddel som gjer at dei kan gripe inn og ha heimel til å ta rusmiddelprøver av personar som blir mistenkte for bruk av narkotika.

Desse forslaga støttar eg fullt ut. All bruk av narkotika skal vere straffbart.

Så meiner eg veljarane i Møre og Romsdal fortener eit tydeleg svar frå stortingsrepresentant Helge Orten i Høgre . Er han samd med Høgre sentralt i at ungdommar skal kunna gå fritt rundt på skulane, tettstadane eller byane med kokain – eller er Helge Orten samd med Senterpartiet i at politiet skal gripe inn når dei ser at ungdommar brukar kokain?

Dette handlar om å gje ein trygg narkotikafri oppvekst til ungdommane våre. Når vi også veit at narkotika er med på å finansiere kriminelle gjengar, må vi seie tydeleg nei til narkotika.

Derfor bør òg Høgre i Møre og Romsdal klargjere om dei tykkjer kokain og narkotika er greitt eller ikkje. Det fortener både ungdommane våre og foreldre å få vite.

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien,

Senterpartiet

Powered by Labrador CMS