LESERINNLEGG:
Lettare fra Ona
Så er spørsmålet om det skal gå buss til toget for folk på Nordmøre oppe til ny vurdering igjen. Skal det gå buss mellom Sunndalsøra og Oppdal, eller skal det ikkje? Fylkestinget bestemmer.
Så lenge det har vore open veg, har det gått ei rute på denne strekninga. Meir enn hundre år har det vel blitt. Det har vore i fellesskapet si interesse at folk på strekninga har hatt ein moglegheit, om dei ikkje har kunne få det til sjølve. I våre dagar er det meir aktuelt enn på lenge at ein vil prøve å redusere våre utslepp ved å redusere bruken av privatbilen.
Viss ein bruker Fram-appen frå forskjellige stader i fylket, med reisemål Oslo, så finn ein ut at det er stor variasjon i kor lang tid det tar og kor mange byter det blir for å kome seg til hovudstaden. Men det finst eit tilbod. Fiskå, Valldal, Runde, Hopen og Ona har samband med Oslo minst ein gong på kvardagar. Forsvinn togbussen på Nordmøre, vil ikkje ein stad som Gjøra ha eit slikt samband lenger. Ikkje kjem dei seg til Oppdal der toget er. Til kommunesenteret Sunndalsøra må dei lure seg med skulebussen. Det næraste ein då kjem kollektivløysingar i Sunndalen er ambulanse og gravferdsbil.
Det er kring 15000 menneske på Indre Nordmøre som får eit veldig mykje dårlegare kollektivtilbod mellom vårt fylke og Austlandet om togbussen blir spara vekk. Det er ytterlegare 25 000 til (Kristiansund) som har ei enklare reise via Oppdal enn via Åndalsnes. Det er slike ting som er viktig for nokon, og dei treng ikkje akkurat at det blir vanskelegare.
Fylket har bruka pengar for at ferjene skal bli betre for miljøet. No er det tale om småpengar samanlikna med ferjeprosjektet, for å halde fram med bruk av buss på Nordmøre, slik at ein ikkje presser fram meir bruk av privatbil og fly.
Denne saka dreier seg om meir enn togbussen. Den handlar også om å gjere det slik at folk flest finn ut at det er greitt å bruke buss. Det går fint an å spare miljøet for utslepp og ulempe ved å reise kollektivt. Så lenge det går ein buss!
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal