LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Høgre og Møreaksen

"Korleis Monica Molvær og Høgre kan forklare at partiet har prioritert Møreaksen i sitt forslag til NTP, er ikkje berre ubegripelige men aldeles vanvittig pengesløseri"

Til og med regjeringa har kasta galskapens prosjekt Møreaksen heilt ut av NTP sin 12- års plan, medan Høgre kjempar vidare for dette greinalause prosjektet.

Høgre her i fylket skal altså gå til valg på partiet sitt framlegg til NTP, 

"Sjølvsagt trist for Runar Paulsen og co å måtte konstantere at Helge Orten, Torgeir Dahl og Møreaksenklanen ser ut til å styre partiet fortsatt"

 FrP har kjempa mot Møreaksen i mange år, og eg er glad for at mitt bidrag i så måte har gjort inntrykk på Samferdselsministeren.

 Møreaksen ligg i den såkalla "avviklings porteføljen" og er plassert i øydemarka utan pengar eller muligheit for realisering.

 "Dei fleste forstår at no er det vanlige vegar sin tur, exportvegen E-136, E-39 Blindheim-Moa, Voldatunellen, RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, RV 70 og ikkje minst FV64 òg Langfjordkryssinga."

Likevel er det nødvendig å fortsette kampen imot dette galskapen av eit prosjekt når ein i RB kan lese kva arvtakaren etter Torgeir Dahl uttalar ang Møreaksen, og samtidig ser at det fortsatt er Helge Orten som styrer.

No har Møreaksen kome godt ned i ei skuff, men eg og FrP gjev oss ikkje før alt ikring Møreaksen er kome langt ned i søppelkassa, og helst godt igjennom makuleringsmaskinen.

Derfor er eit sterkt FrP nødvendig i ei ny regjering, der sunn fornuft skal råde med prioritering av trygge vegar, viktige exportvegar, ikkje sløseriprosjekt slik som Møreaksen faktisk er.

 

Mvh

Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP.

Powered by Labrador CMS