LESERINNLEGG:
Høgre har fått klima og miljøsjokk
Når ein høyrer på Tina Bru og Tybring- Gjedde i Høgre som vil ha dyrare drivstoff, tvinge alle til el-bil og gjennomføre vernehysteri i naturmeldinga, og Erna som diltar etter AP og vil innføre alle EU direktiv, er åpenbart Høgre snart verre enn MdG.
Innføring av EU sin fjerde energimarkedspakke, avgi til EU makt over krafta vår samt innføre vanvittige bustaddirektiver som vil koste vanlige folk hundretusenvis av kr er tydelegvis Høgre og AP sin plan.
Den som klarer å sjå forskjell på AP og Høgre sin politikk i Stortinget, ring meg.
Slik har det dessverre blitt her i fylket også, der det ser ut til at Monica Molvær og co har konkurranse i kor mange gongar mitt navn kan nevnes i deira innlegg.
Innlegg frå Høgre der dei febrilsk forsøker å forklare kvifor dei til stadig stemmer med AP og SP her i fylket for å gjere kvardagen dyrare for folk flest og næringslivet,med sine heile fire takstsukar i ferjedrifta.
Høgre skal altså gje frå oss krafta til EU, og hindre vanlige folk og næringslivet å kunne utvikle eigne areal og utvikling i kommunane.
Lokaldemokrati er viktig og det er kommunane sjølve som veit korleis deira eigne areal skal forvaltast.
Frå før har vi ein statsforvaltar som aldri før har gjennomført fleire motsegn mot lovlege vedtak i kommunane, og som overprøver lokaldemokratiet brutalt.
At no Høgre har tenkt å gjere det enda verre for kommunane å bruke sitt eige areal, er ganske vanvittig når ein ser på eit Høgre som ilag med MdG teppelegger naturmeldinga med "konserveringsframlegg".
Heldigvis har regjeringspartia her teke til vettet og alliert seg med FrP slik at denne meldinga ikkje går over styr, men Høgre skremmer meg.
Frå før har vi også høyrt Erna som på inn og utpust har snakka om klima og miljø, og tilnærming til EU gjennom vanvittige direktiv slik som 4 energimarkedspakke, og andre hjelpeslause EU direktiv.
Høgre har gløymt at vi trenger noko å leve av og at kommunane må få bruke sine areal på best måte, utan fleire pålegg, begrensninger og direktiv frå stat og gjennom nye meiningslause EU direktiv.
Eit knallsterkt FrP er det einaste som kan "dressere" Erna og Høgre til igjen å føre normal høgrepolitikk, og hindre dei i å bli verre enn MdG i klima og miljøhysteriet.
Det er til dømes knallviktig at vi tar tilbake råderetten over eiga kraft, og Norge må få tilbake fortrinnet til sitt eige næringsliv med billig og tilgjengeleg kraft.
"Kraftkablar til utlandet må strupast og styrast etter Norge sitt behov, ikkje EU"
Meir kraftproduksjon må til og rein vannkraft er det beste fortrinnet vi har som også må utviklast.
Vi må også tore å tenke nytt, der Atomkraft åpenbart må etablerast også her i landet.
Høgre blir heldigvis stoppa i Stortinget i naturmeldinga, men korleis desse klima og miljøfanatikarane har fått sleppe til i dette partiet er ubegripelig.
Like ubegripelig som Høgrerepresentantar her i fylket som går til frontalangrep mot næringslivet med 4 takstsukar på ferjene og krever dyrare drivstoff.
Befolkninga, næringslivet og kommunane trenger meir frihet, ikkje meir pålegg, restriksjoner eller direktiv.
Derfor er FrP det viktigaste partiet for friheit, sjølråderett og eit levande lokalsammfunn der næringslivet kan få utvikle seg, utan innblanding frå unødvendig offentleg byråkrati, og der vi stoppar nye EU direktiv.
Mvh
Frank
Sve
1
nestleiar i Transport òg kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for
FrP.