LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Grunnrenteskatten til næringslivet

" No bør det vere ei enkel sak for Høgre å begrave stridsøksa si i sin kamp mot ferjedrifta her i fylket, 80 million kr frå grunnrenteskatten høyrer rettmessig næringslivet til, og ferjedrifta er ein god plass å plassere desse pengane"

Alternativet er å sende dei attende til næringslivet som SP og Vedum har knabba desse grunnrenteskattane ifrå, sannsynlegvis umogeleg så får vi velge det nest beste.

Ferjedrifta er reine livsnerven til næringslivet her i fylket, og berre frustrasjonen til næringslaget i Sykkylven over fylkeskommunedirektøren sine brutale kuttforslag i ferjedrifta og auka prisar, burde vere meir enn grunn nok til å tilbakeføre desse skattepengane til ferjedrifta.

Grunnrenteskatten er næringslivet sine penger, og Fylkeskommunedirektøren eller andre kan berre forsøke seg på å ta desse pengane til å sminke opp ein frå før godt velfødd fylkesadministrasjonen.

Dei borgarlege partia vil sjølvsagt gjere sitt for å få på plass eit budsjett for fylkeskommunen. Dette bør ikkje by på problem no når Høgre ganske sikkert er råd å få vekk ifrå sin kamp mot ferjedrifta og at vi samlar oss no om gode tjenester til næringslivet og til folk flest.

Næringsliv blør, konkurser på konkurser ser vi støtt og stadig, og fylket trenger ikkje løfte meir stein opp i børa til eit frå før hardt pressa næringsliv her i fylket.

Så no er det berre å fortsette rasjonaliseringa av fylkeskommunen, og prioritere vidaregåande skular, ferjedrift og vegvedlikehold.

 

Mvh

Frank Sve
1. nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS