LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Fylkeskommunen, for kven?

Publisert Sist oppdatert

" Er fylkeskommunen til for innbyggjarane og næringslivet, eller er den til for byråkratiet på fylkeshuset?"

Ein kan verkeleg begynne å lure, når èin ser kva AP og Høgre predikerar.

AP er sjokkert over at vi i FrP er opptekne av å sikre dei viktige tjenesteområda slik som dei vidaregåande skulane, ferjedrifta og vegvedlikehald.

  • lojaliteten til AP er utelukka til byråkratiet på fylkeshuset, og AP snakkar kun om å legge ned vidaregåande skular.

Fylkesøkonomien er pressa med bakgrunn i AP og SP i praksis i regjering, som har levert tidenes svakaste kommuneøkonomi, skyhøge straum og drivstoffprisar og høg rente.

Fylkeskommunen si drift består av ca 80-90% lønnsutgifter, då forstår absolutt alle at når økonomien må kuttast, er det lønnsutgiftene som må kraftig ned.

Vanskeleg å kunne forstå at både AP og Høgre meiner driftsnivået må ned, Høgre sågar ynskjer kraftige kutt i ferjedrifta og endring av skulestrukturen, 

  • Utan at det liksom skal seiast opp èin einaste tilsett?

Forklar?

Korleis er dette mulig når fylkesordføraren i media blankt avviser kutt i administrasjonen, men tilbodet til innbyggjarane og næringslivet skal kuttast brutalt?

Henger rett og slett ikke på greip!

For FrP er det aller viktigaste å behalde det vidaregåande skuletilbodet til ungane våre, ferjetilbodet til folket og næringslivet i heile fylket, og vegvedlikehald som reduserar hardt skadde og drepte i trafikken.

Dette vil vi prioritere, og då vil våre kutt sjølvsagt bety at alle selskap, unødvendige program og prosjekt måtte kuttast. Likeså må administrasjonen tilpassast den økonomien fylket faktisk har.

Meir dramatisk enn dette er det faktisk ikkje, og om ca 1 år står ei ny borgarleg regjering ganske sikkert klare med eit sterkt FrP.

Skal kommuneøkonomien styrkast, må dette skje ved skattar og avgiftskutt, og èin økonomisk politikk som får kontroll på renta.

Dette har borgarlege regjeringar gong på gong bevist og gjennomført med gode resultat.

Så får vi håpe at Høgre her i fylket velger dei borgarlege partia her i fylket som samarbeidspartnarar, med borgarleg politikk, 

-døra vår i FrP er alltid åpen, men vi har som fylkets største parti ikke tenkt å svikte innbyggjarane og næringslivet.

Det blir derfor IKKJE aktuelt å rasere ferjedrifta, vidaregåande skular, eller vegvedlikehaldet.

Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
for FrP

Powered by Labrador CMS