LESERINNLEGG, VALG 2021:

Alfred Bjørlo og Lena Landsverk Sande.

ME – på tide å ta sjukdomen på alvor

CFS/ME (kronisk utmattelsessyndrom/Myalgisk encefalopati) er ein sjukdom som må takast langt meir på alvor enn i dag. Det skuldar vi dei som har sjukdomen, pårørande samfunnet elles. Difor lovar vi å jobbe for betre vilkår, meir forsking og kunnskap om sjukdomen – og å gje sjukdomen merksemda han bør ha i samfunnsdebatten.

Det er ein lovnad vi som Venstre-kandidatar tek med oss heilt inn på Stortinget.

ME rammer barn, unge og vaksne. Nokon så hardt at dei blir sengeliggande i årevis. Andre (særleg unge) kan bli friske etter ei tids sjukdom.

Den mest omfattande kunnskapsrapporten laga om ME finn vi i USA. Her blir det synleggjort for alle at ME er ein alvorleg fysisk sjukdom, som krev behandling deretter.

Vi skal ikkje gå inn i den medisinske debatten utover det. Det er ikkje politikarane som skal finne dei medisinske løysingane.

Det vi som politikarar skal gjere er:

- Å legge til rette for at ME-ramma blir møtt med respekt og fagleg innsikt frå første stund det er mistanke om ME og gjennom heile sjukdomsforløpet. Det gjeld både i helsevesenet, på skule og i NAV-systemet.

- Få på plass eit behandlingssystem der det er plass til dei aller sjukaste utan unødig ventetid. Det krev både ressursar, fysiske behandlingsplassar og kompetanse

- Styrka innsats og fleire midlar knytt opp mot forsking på ME-feltet, og legge til rette for utveksling av erfaring og resultat innan internasjonal forsking.

Mange har gjort ein stor innsats for å få ME-saka høgare på dagsorden gjennom mange år. Vi vil likevel trekke fram familien Skrede i Stryn, som gjennom ME-konferansane der har sett søkelys på sjukdomen, og Jørgen Jelstad som gjennom sin journalistikk har gjort saka kjent og forståeleg for «folk flest». I Venstre har varaordførar Torstein Tvinnereim i Stryn ei årrekke jobba for å gjere dette til ei viktig politisk sak for Venstre. Vi vil ta dette vidare heilt til topps – og ikkje gløyme det når valet er over.

Ved å setje lys på éin sjukdom, vil det alltid vere andre som føler at vi gløymer dei. Vi har ikkje det. Å løfte opp ME, må også medverke til at vi får løfta fram andre «skjulte sjukdomar» som gjev langvarige lidingar for tusenvis av menneske og deira pårørande – utan at dei får merksemda dei bør ha i samfunnsdebatten og i kampen om forskingsmidlar og behandlingskapasitet. Dei som blir råka av kroniske sjukdomar, må sleppe å ta den kampen åleine. No må også samfunnet stille op – og Venstre vil ta den kampen.

Alfred Bjørlo

1.kandidat Venstre Sogn og Fjordane til Stortinget

Lena Marie Landsverk Sande

1.kandidat Venstre Møre og Romsdal til Stortinget

Powered by Labrador CMS