LESERINNLEGG - VALG 2021:

Jenny Klinge

God kriminalomsorg er god førebygging

Jenny Klinge - Stortingsrepresentant, Senterpartiet


Lovlydige folk kan bli kriminelle, men heldigvis kan det også gå andre vegen. Vi treng ei kriminalomsorg som tilrettelegg for lovlydige liv. Innhaldet i soninga kan vera avgjerande for at personar som forlet eit negativt miljø, får høve til skaffe seg arbeid og bli del av eit anna miljø etter endt soning. Slik kan dei bidra til samfunnet når dei ein dag kjem ut att frå fengsel.

Vi i Senterpartiet meiner det er viktig at innsette kan fullføre vidaregåande skule, ta fagbrev, lære seg noko nyttig eller fylle dagane med meningsfullt innhald. Til dømes ved å delta i Røverradion, jobbe på verkstad eller i gardsdrift.

Det er nokre få kriminelle tenåringar som treng faste rammer og oppfølging døgnet rundt. I Sverige vart det for nokre år sidan utrekna at ein gjengmedlem kostar samfunnet heile 23 millionar i løpet av 15 år. Per no er det to ungdomseiningar med totalt åtte plassar her i landet. Det trengst definitivt fleire. Derfor går Senterpartiet inn for å opprette endå ei ungdomseining, no i Trøndelag.

Å sende tenåringar i fengsel med vaksne er både å svikte desse ungdommane og å utdanne morgondagens multikriminelle. Desse ungdommane har ofte behov for å forlate nærmiljøa sine og treng hjelp til å finne ein veg ut av ein kriminell løpebane. For kvar unge kriminelle som samfunnet klarer å få til å bryte ut av miljøet sitt, vil vi som fellesskap spara millionar av kroner. Og den det gjeld blir spart for svært mykje destruktiv livførsel.

For å sørge for ei målretta og god satsing på kriminalomsorga, må vi sjå justissektoren i samanheng. Dei vekslande Høgre-styrte regjeringane dei siste åtte åra har ikkje vore villige til å investere nok i verken politi eller påtalemyndigheit, domstolar eller kriminal- og friomsorga. Behovet vil alltid vera større enn ressursane, det er så, men regjeringa har brukt tilgjengelege ressursar feil.

Då regjeringa kom til makta i 2013 ville dei fjerne soningskøane i kriminalomsorga. For å få til dette vart det blant anna brukt nesten ein milliard kroner på å leige fengselsplassar i Nederland. På Frps heimeside skryt dei av at soningskøen var på 99 i oktober 2018. Per juni 2021 er køen på 1050 – omtrent det same som då Høgre og Frp kom inn i regjering i 2013.

Regjeringa og Frp la ned 262 fengselsplassar i 2018/19 og dermed auka soningskøen igjen. Som Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) skreiv i årsrapporten for 2019: «KDI er ikke tilfreds med at det har bygget seg opp en ny soningskø. Bakgrunnen for denne utviklingen er avviklingen av totalt 262 plasser med lavere sikkerhetsnivå».

I tillegg til nedlegging av gode fengsel kor både innsette og tilsette hadde høg trivsel har resten av Kriminalomsorga fått strammare budsjett kvart einaste år.

Samla sett har Kriminalomsorga fått mindre pengar og fleire oppgåver. For å få drifta til å gå rundt har derfor Kriminalomsorga måtta kutte i talet på tilsette. Frå 2016 til 2020 var det, ifølgje SSB, ein nedgang på 224 tilsette i Kriminalomsorga.

Færre tilsette inneber mindre aktivitet for dei innsette. Samfunnet bruker milliardar på politiet, påtalemyndigheita og domstolane. Etterforskingar og rettssaker kostar i enkelte tilfelle enorme summar. Kva for ei soning er det dømte overgriparar, gjengmedlemmar, framandkrigarar, ruskøyrarar og andre lovbrytarar får? Er soninga god nok til å sikre at færrast mogleg av desse gjentek handlingane sine når dei ein gong kjem ut i samfunnet igjen?

Godt innhald i soninga krev ressursar og kunnskap; dyktige tilsette og samspel med frivillige aktørar. Vi treng òg ei regjering som i større grad verdset soningsformer med oppbyggande innhald. Dette gagnar både den innsette sjølv og resten av samfunnet.

Powered by Labrador CMS