LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Om å snu steinar

Kommunane og fylka held på med innspurt i budsjettarbeidet for neste år. Og det er vanskeleg – for pengene rekk ikkje så langt som ønskeleg. Både barnehagar, og skolar lever farleg, og personalet innanfor eldreomsorga synest å måtte springe stadig fortare.

Likevel er det korona, Ukrainakrigen og den generelle prisauken som får skulda. Eg synest det er rart at ikkje fleire ser nærare på den demografiske utviklinga og befolknings-pyramidane. Befolkningspyramidane for dei fleste kommunane, både i fylket generelt, og ikkje minst for dei indre stroka av Sunnmøre og Nordmøre, vil vise tydeleg at grunnaget for pengebruken har endra seg tydeleg dei siste 2-3 tiåra. Når talet på barn og ungdom under 20 år var jamstort med talet på personar over 60 år i Surnadal i 2010, medan tala no har endra seg til sterkt nedgang for dei under 20 og sterk auke for dei over 60 i dag, skjønar vi at noko må skje: vi må anten vere villig til å auke den samla bruken av ressursar (folk og pengar) til barn og ungdom og helse og omsorg, eller så må vi redusere tydeleg når det gjeld barn og ungdom, - og auke innnfor helse og omsorg.

For om lag 20 år sidan, medan eg enda arbeidde i utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, vart det sagt frå fylkesmannen i Møre og Romsdal at skulle talet på personar innanfor helse om omsorg i forhold til eldre halde seg stabilt framover, måtte vi som arbeidde med utdanning, sørge for at kvar 3.elev i vidaregåande utdanning sikta seg inn mot helse og omsorg. Det verka nokså urealistisk å få til!

Så derfor: Hald deg frisk og sprek og sjølvgåande så lenge som råd! Og innsjå at det truleg må meir enn kosmetiske endringar til når det gjeld ressursinnsatsen overfor barn og ungdom og innanfor eldreomsorga!

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS