LESERINNLEGG:

Kva gjer vi no, Surnadal?
Mange har allereie gitt oss politikarar tydelege tilbakemeldingar på skulestrukturpunktet i kommunestyret sitt vedtak. Og mange lurer på om vi høyrer kva som blir sagt.
Ja, det gjer vi. Men vi høyrer lite om kva vi skal gjere i staden. Og den diskusjonen må vi òg starte opp på.
Eg prøvde å provosere litt i siste møtet, i håp om å få rette person til å ta førarsetet. Det trur eg vel eigentlig ikkje at eg lukkast med, og at eg berre irriterte folk med dette forsøket. Men eg meiner framleis at det er ordførarfunksjonen som må leie styret sitt i dette vanskelege arbeidet framover.
Som vanleg folkevalt synes eg det er feil av meg å ta denne leiarrolla. Eg sit heller ikkje i formannskapet som har ansvaret som økonomiutval. Så mi rolle formelt er heller beskjeden. Men eg kan kanskje forsøke å vere ein slags oppleggar av ballane, så kan ordføraren og formannskapet få lov til å smashe til når dei finn noko dei vil støtte?
Og kanskje viktigast av alt. Vi som bur i bygda vår må også starte å diskutere kva tiltak som er aktuelle å gjennomføre.
Kommunestyret har no vedtatt ein økonomiplan for 2025-2028. Denne planen inneheld ganske mykje nedtrekk av budsjettrammer. Dette er det vi også kallar for ostehøvelprinsipp. Vi deler ut mindre pengar, men seier ikkje noko om at vi vil kutte i tenesteproduksjonen. Vi seier mest det motsette, at dette skal gjennomførast utan kutt i tenestene. Ser at enkelte omtalar dette som å kutte daudkjøtet. Eg er ikkje sikker på om vi vil finne so mykje å ta av her lenger. For husk, ostehøvelen har vi no bruka i mange år, og gamle historier er kanskje ikkje like sanne lenger?
Teknisk drift
Den avdelinga som fikk det største nedtrekket var Teknisk drift. Dei bruka tett på 48 mill. i 2024, og skal no klare seg med 34 mill. i 2025. Kva er det Teknisk drift brukar pengar på? Dette er dei 5 største tenestene i 2024:
Vegar og gater kr 11,5 mill.: I hovudsak vintervedlikehald (snøbrøyting og strøing) og sommarvedlikehald. Skal vi få til ein kraftig reduksjon her, så må vi privatisere mange kilometer med kommunal veg. Er vi klare for dette? Eller rettare sagt, er oppsittarane til desse vegane klare til å ta over ansvaret sjølv?

Skulebygg kr 11,2 mill.: Den nest største tenesta er skulebygga våre som vi har mange av. Også to bygg det ikkje er skule i lengre. Største utgifta her er reinhald og energi til oppvarming og lys. Kutte i reinhald, skru av lys og senke temperaturen vil kanskje hjelpe litt, men høge kostnadar trur eg vi må rekne med så lenge vi eig bygningane.
Sjukeheimsbygget kr 6,9 mill.: Energi og reinhald.
Brannvesenet kr 5,7 mill.: Er vi villige til å gå ned på tenesteytinga her?
Barnehagar kr 3,5 mill.: Også her er det reinhald og energi som er største utgifta.
Berre desse fem tenestane kosta altså kr 38,8 mill. i 2024. I tillegg har Teknisk drift over 30 andre tenesteområde. Kulturhus, kommunehus, Sommerotunet, omsorgsbustader og svømmehall for å nemne noko. Totalt budsjett i 2025 er no berre 34 mill. Er det realisme i slik budsjettering?
I siste kommunestyremøte vart det som siste punkt vedtatt å spare 15 mill. kroner ekstra og ta bort stillingar tilsvarande 50 årsverk. Dette vedtar vi utan å seie noko om kva tenester som skal takast bort eller reduserast. Det er sjølvsagt lov å tenke at det skal Kommunedirektøren bestemme, eller ordne opp i.
Men fungerer det så lenge vi ropar stopp kvar gong direktøren legg fram forslag til endringar i drifta? Noko så lite som å slutte å brøyte ein sti langs elva, fører til kraftige reaksjonar. Vi toler generelt lite endring i dagleglivet vårt, og vil gjerne ha alt som før. Eller litt meir enn før.
No må vi klare oss med langt mindre. Kven vil vere med på å diskutere dette?
Det lovpålagte
Ein innfallsvinkel er at vi må slutte med alt som ikkje er lovpålagt. Då er det viktig å huske at det gjerne er lovpålagt at vi skal ha ei teneste i kommunen, men omfanget av tenesta er ikkje alltid like lovpålagt.
Barnehage for eksempel. Skal vi redusere tilbodet her, slutte med kontinuerleg opptak, halde meir stengt om sommaren, redusere opningstida, redusere talet på tilgjengelege plassar?
Kyrkja. Treng vi seks kyrkjer i ei kommune med 5950 innbyggjarar? Kan for eksempel Nedre Surnadal klare seg med ei kyrkje? Kanskje kan vi spare 1 mill. årleg her?
Stenge svømmehallen? Meir interkommunalt samarbeid er etterlyst. Her kan vi då i staden gjennomføre den pålagt undervisninga av borna i Heim kommune. Innsparing 1,3 mill. årleg minus kostnaden med å frakte elevane til Vågland.
Kulturavdelinga har også fått store nedtrekk i eiga budsjettramme, i tillegg til at dei truleg må vere med på dei generelle kutta. Kva er vi villige til å klare oss utan her?
Stenge kinoen er kanskje det minst dramatiske tiltaket. Men kanskje må biblioteket og resten av kulturhuset også stengast ned? Kulturhuset blir berre open under Vårsøghelga?

Eller kan det vere ein idé at biblioteket får ei anna form? At bokutlånet blir meir digitalisert, og at frivillige kan hjelpe til med å passe lokala i opningstida?
Kanskje må kulturavdelinga avslutte alle tilskot til det frivillige livet i kommunen. Ingenting til idretten. Ingenting til andre organisasjonar eller til frivillig arbeid i det heile tatt?
Helse- og sosialsektoren
I diskusjonane som har vore dei siste vekene, så har eg registrert at mange som er engasjerte i skulesaka har etterlyst at også helse og sosial må ta sin del av reduksjonane. Ja vel?
Den demografiske utviklinga vår, med sterk vekst i eldre over 80 år og lågare barnetal, støtter ikkje opp om at det er den sektoren som skal ta børa no.
Heller ikkje Kostra-tala støtter dette. Kostra er ei kortform av Kommune - Stat – Rapportering, og er ein standardisert metode for rapportering av rekneskap og tenesteproduksjonsdata i kommunane.
Dette gjer det mogleg å samanlikne kommunane. Og tala viser tydeleg at det er på områda skule og barnehage at vi brukar meir ressursar enn dei kommunane vi samanliknar oss med. Men like fullt er det sjølvsagt mogleg for oss å i staden senke nivået på tenesteproduksjonen i helse- og sosialsektoren, om det er det vi ynskjer.

Skal vi stenge fleire sjukeheimsplassar? Kan vi endre heimetenesta sine tilbod? Kanskje kan vi gå litt tilbake til at det er frivillige som tar oppgåver i heimane? Både i grendene rundt for å spare kjøring, men også i sentrum? Eller berre tilby tenester i sentrum, slik at de eldre blir tvinga til å flytte til sentrum? Pårørande må ta seg av sine sjølv med mindre hjelp frå det offentlege? Kanskje kan eldre folk klare seg med produkta til Fjordland i staden for matombringing?
Kan vi samarbeide med naboen om legekontor? Ikkje langt for oss å dra til Rindal for legetime. Og det er heller ikkje lengre andre vegen. Fysioterapi, ergoterapi, helsesjukepleiar, kan vi samarbeide om dette?
Sentraladministrasjonen
Denne avdelinga er ofte utsett for angrep, der mange hevder det er mykje å ta bort. Men før vi gjer det, så må vi kanskje sjå litt på kva som blir rapportert her og som er med på å gjere denne tenesta dyrare for kvart år.
IT-kostnaden er ein vesentleg del. Kostnaden med alle generelle datasystem må bokførast her. Både Microsoft og Visma har sine sugerør i kommunekassa. Kostnadane til sak- og arkivsystemet finn du her. Vi må dokumentere og offentliggjere alt. Kven som helst i heile verden kan spørje om kva som helst, og det gjer dei. Og vi må svare det ut og dokumentere.

Også mange felleskostnadar skal førast her. Personforsikringar, ulykkesforsikringar, tillitsvalde og verneombod. HR, lønn, rekneskap og revisjon er ført her. Næringsfondet og alt anna næringsarbeid blir også forvalta herifrå.
I vår kommune er mykje av personalarbeidet, og budsjettoppfølginga sentralisert. Her kan det vere eit alternativ å flytte det ut i sektorane igjen, slik det var før. Då var det eigne konsulentar som arbeidde ute i felten, i tett kontakt med det daglege arbeidet i tenestane. Dette vil sjølvsagt slanke sentralleddet, men kostnaden blir kanskje ikkje mindre, berre flytta til einingane?
Sentraladministrasjonen kosta i 2024 kr 37,2 mill. Av dette er det berre kr 4,3 mill. som fell inn under det vi tradisjonelt kallar administrasjon, eller leiarsjiktet om du vil. Sjølv om du finn fleire av dei høgaste lønningane her, så utgjer lønnskostnaden for heile sentraladministrasjonen berre 59 prosent av totale utgifter i denne avdelinga. Snittet for alle driftseiningane er 70 prosent.
Interkommunalt samarbeid
Vi har utruleg mange interkommunale samarbeid i drift i dag. Fleire av desse samarbeida blir også kostnadsført over sentraladministrasjonen. Men det er riktig at ein tidlegare kommunedirektør sa at vi hadde ein administrasjon som var stor nok til å ta på seg litt meir. Vi er ein kommune som er så stor at vi treng ein person for eksempel på lønn, og ein person på rekneskap. Men vi kan klare å hjelpe nokre fleire innbyggjarar med den same ressursen. Så då inviterte vi nabokommunane våre til å vere i lag med oss. Dei takka høflig nei til å slå seg saman, men vi har framleis dialogar rundt områder vi kan samarbeide på. Men dette kan vi ikkje bestemme eller vedta sjølv. Vi kan berre kome med tilbod til dei.
Oppsummering
Eg tenkjer at skulesaka no bør kvile litt, fram til høyringsdokumenta er klare. Men vi må snarast starte diskusjonen rundt kva anna vi kan gjere. Enten i staden for skulestruktur eller i tillegg til skulestruktur.
Eg har kasta fram nokre spørsmål i dette innlegget. Det fins sikkert langt feire aktuelle ting å diskutere også. Nokon som ønskjer å bidra i ein konstruktiv diskusjon rundt framtida for Surnadal kommune? Kva kan vi gjere for å få balanse i økonomien igjen?
Trond Håskjold, folkevalt frå Høgre