LESERINNLEGG:
Quo vadis, Todalsfjordprosjektet?
Sist veke hadde eg den siste dagen min som dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet (TFP) AS, så no skiljast våre traséar, etter tre innhaldsrike år. Da eg gjekk inn i denne rolla i 2021, var eg innforstått med at det å vere pådrivar for eit ferjeavløysingsprosjekt er som eit ultraløp; draumen om ein ferjefri Todalsfjord passerer i år ei mellomtid på 85 år. Og slik rammevilkåra er no så har løpet fått nye og høge hinder, på det som forhåpentlegvis vil vere den siste og viktigaste etappen. Vi må innsjå at det er uvisst kor vegen går vidare for dette livskritiske prosjektet for indre Nordmøre og regionen.
Urealistisk
Det er mange årsaker til at status quo er som den er, med kombinasjonen galopperande kostnadar og haltande fylkesøkonomi – faktorar som ligg utanfor selskapet og prosjektets rekkjevidde – som dei to viktigaste.
Vi i TFP AS kunne sikkert òg gjort ting annleis. Det eg føler vi kanskje har lykkast minst med er å få politikarane og andre til å ta innover seg at den løysinga som er vedteke er for dyr og synast urealistisk å gjennomføre. Det siste året har det vore prøvd, gjennom informasjonsmøte til både kommunar og fylket, godt støtta av ekspertane i Oslo Economics,å påpeike at fylket sin skjøre rygg ikkje kan bere dei låneutgiftene som Todalsfjordprosjektet, slik det no framstår, vil lesse på dei. Oppmodinga har vore å sjå på andre og rimelegare alternativ til veg/bru/tunel frå Åsbøen, via Svinvik, til Ålvundfossen, trass i at dei fleste har delt kommunane si meining om at den løysinga, i ei ideell verd, kunne vore den beste.
Kjerneproblemet
Det var òg grunnen til at TFP AS var positive til vedtaket i 2022 om å utgreie undersjøisk tunnel frå Åsbøen til Fossen, samt at styret i selskapet i januar 2023 tok initiativet til å utgreie ei flytebru omtrent i ferjetraseen. Dei foreløpige utgreiingane tyder på at begge desse løysingane kunne ha redusert investeringane i prosjektet vesentleg, men flytebrualternativet vart i realiteten lagt til sides utan at det var godt nok utgreidd til at fylket og kommunane kunne vurdere det skikkeleg.
No kan eg seie det var eit feilgrep. Dersom ein tek utgangspunkt i kjerneproblemet ved dagens vegløysing: ei ferjestrekning som medfører at vegen maksimalt er open berre nokre minutt, to gongar i timen og ca. 15 timar i døgnet, og der ein må «køyre» over fjorden i ferjefart, så hadde ei flytebru mellom Kvanne og Rykkjem – og god tilrettelegging for denne på kvar side av fjorden – løyst dette, og fått bort ferja. Greie vegar på kvar side av fjorden har vi allereie, og sjølv om tilrettelegging for flytebrua òg ville hatt enkelte utfordringar, så ville regionen på denne måten fått realisert det som mange har peikt på som det viktigaste prosjektet for utviklinga på indre Nordmøre. Til ein pris som eg, og dei som veit meir om flytebruer enn meg, trur kunne ha vore meir enn 1 mrd. lågare enn dagens kostnadsramme på 4,6 milliardar kroner. Prisreduksjonen ville òg kunne inkludert gode trafikksikkerheitsløysingar gjennom Ålvundfjorden og Kvanne, som vel må vere blant landets dårlegaste og mest trafikkfarlege ferjeleie. I tillegg ville ein fått mindre nedbygging av dyrkamark, busstilbod som i dag på begge sidene av fjorden – forbi der flest folk bur – samt ein ny og spektakulær utfartsattraksjon, gratis.
Enormt løft
Sjølv om fylket skulle få orden på økonomien sin og rammevilkåra skulle bli betre, må prosjektet ha klart eit alternativ for kryssing av fjorden med ei meir realistisk kostnadsramme enn dagens, når den dagen måtte kome. Eg har best tru på flytebru, men undersjøisk tunnel vil òg truleg vere eit rimelegare alternativ enn det vedtekne. Todalsfjordprosjektet blir uansett eit enormt økonomisk løft, for ein fylkeskommune som i desse dagar mellom anna sit og vurderer kva for tilbod ved dei vidaregåande skulane og ferjene på Nordmøre dei har råd til eller må kutte. Det vil vere uforsvarleg å bruke fleire hundre millionar i året på å finansiere prosjektet, i alle fall når gode og langt rimelegare alternativ truleg finst. Tidlegare i haust så kom representantar for næringslivet på Nordmøre med liknande tankar i lokalmedia, der dei òg peikte på at det kan ligge moglegheiter for industrien i regionen i ei satsing på flytebru-teknologi, som er høgaktuell på mange andre fjordkryssingsprosjekt.
Meiningslaust
Den manglande realismen i Svinvik-alternativet gjer òg at det vil vere meiningslaust å no skulle bruke rundt 60 millionar skattekroner på å regulere ferdig dette. Det vil vere ein svindyr pisk til ein låghalt hest og høgst truleg vere bortkasta pengar for fylket, kommunane, selskapet og ev. bedrifter som deltek. Bortkasta anten fordi den planlagde løysinga ikkje vil bli realisert, eller at reguleringsplanen vil bli utdatert lenge før ev. byggestart. Planlegging av urealistiske løysingar har lite for seg, berre spør Møreaksen… Spleiselag har eg sansen for, men det blir det heilt sikkert behov for og moglegheit til seinare, når sambandet skal byggast.
Eit arbeide med reguleringsplanen for Svinvik-alternativet vil òg gjenopplive diskusjonen om vegløysing gjennom Nordvik. Dei mange hundre millionane som den planlagde nyvegen aust for busettinga og dyrkamarka på Nordvik vil måtte koste, vil truleg bli foreslått kutta som følgje av reguleringsplanarbeidet. Dette vil vere eit klart brot på føresetnadane for det trasévedtaket eit splitta Surnadal kommunestyre gjorde i fjor vår.
Turfolk veit at det ikkje hjelper å gå raskt fram når ein går i feil retning, og å presse fram ein reguleringsplan no stemmer etter mi meining verken med kartet, kompasset eller terrenget.
Tru og håp
Eg har framleis klokketru på den effekten ein ferjefri Todalsfjord vil ha for samfunnsutviklingai regionen vår; den er mykje større enn det vi greier å synleggjere i ein tradisjonell finansieringsmodell. Men vi må ikkje sjølv øydeleggje den moglegheita vi har for å få prosjektet verkeleggjort ved å gå oss bort i denne viktige fasen. Når ein er usikker på vegen vidare er det lurt å halde seg i ro og tenkje seg om, og kommunane og fylket bør bruke den utsetjinga som prosjektet no får til å – saman med dei beste fagfolka – finne den absolutt rimelegaste løysinga for å bytte ut ferja over Todalsfjorden med veg. Det er positivt og prisverdig å sjå at ordføraren i Surnadal, i media, viser ei open haldning til ein slik tankegang.
Vi kan vere trygge på at dette ikkje vil rokke ved førsteprioriteringa til prosjektet; fylket har heller ikkje pengar til finansiering av andre fjordkryssingsprosjekt.
Sjølv om ein kan hevde at ein ny trasérunde er uheldig, så er det bokstaveleg tala vegen å gå,for at det framleis skal vere eit realistisk håp om at vi i 2039 skal kunne markere 100-årsjubileet for tanken om ein ferjefri Todalsfjord – ikkje med sveler på ferja men med ein køyre- eller spasertur over fjorden. Lykke til!
Trond Skogseth