LESERINNLEGG:
Dugnad fortener takk
I eit samfunn oppteke av kjendisdyrking og sensasjonar skjer det samtidig eit frivilligarbeid som held umistelege verdiar oppe.
Eg tenkjer på foreldre som skaffar midlar, steikjer vaflar og skyssar ungar til trening og øving. På lag og foreiningar som skaper trivsel og meining i kvardagen for oss alle. På dei mange usynlege som utan store ord og fakter besøkjer, tek seg av og støttar den som nettopp treng omtanke og ei hjelpande hand.
Mykje av dette som lyser opp og foredlar kvardagen for medmenneske, er lite synleg i det offentlege.
Difor dristar eg meg til å løfte fram ein utrøtteleg dugnadsgjeng: Songkora våre. Året rundt, og særleg no mot jul, viser dei stor verdiskaping og deler kulturskattar med andre.
Sjøl kjenner eg koret P17 - varme menneske som meiner musikk er sosialmedisin og som brukar mykje fritid på slik dugnadsinnsats. Og det saman med hundrevis av små og store kollegaer – i Vox og Amigos, Halsakoret, Jazzå og Wok, Tormod og Tordenskjold Songlag (som har vore aktivt heilt frå 1908). Det blir dugnadstimar, det!
Frivillighet handlar ikkje om pengar. Men i budsjett kan timar verdsettast. Organisasjonen Norsk Friluftsliv rådde i fjor sine lag til å rekne kvar dugnadstime til 415 kr.
For moro rekna eg litt på slik verdiskaping: Berre i 2024 har P17 utført 2500 timar – til øving (felles og kvar for seg), konsertar, gudstenester, andre songoppdrag og reising til og frå. Reknar vi ein beskjeden timeverdi på 300 kr, er P17 sitt kulturarbeid dette året altså verdt 750.000 kroner. Attåt kjem utlegg til kjøring, musikkmateriell og anna.
Slik kan også andre kulturaktørar rekne! Noko av drivkrafta, attåt samtrivselen og songgleda, er lysta til å formidle verdiar - på kvar sin måte.
Første søndag i advent peika P17 og musikkteamet på lyset i mørketida, på stjerna over livet og på kva høgtida bringar. Allsong, gamle og nye juletonar og nokre av Bachs oratoriesatsar fylte kyrkjene i Todalen og Åsskard.
Slik formidling er muleg berre ved solid dugnadsinnsats. Difor denne takken i media!