LESERINNLEGG:

14 kilo statsbudsjett med pengar som skal vere med på å utvikle heile Noreg

Betre liv for unge på bygda

Måndag vart Senterparti/Ap-regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 lagt fram. Målet står fast: Ein skal kunne leve gode liv i heile landet - både i by og bygd. No blir det lågare skattar og avgifter, mindre studielån og raskare psykisk helsehjelp.

Det er i distrikta at verdiane blir skapa. Då meiner eg at det berre skal mangle at vi får ein større del av kaka når dei store pengane skal fordelast. Her leverer Senterpartiet i nytt forslag til statsbudsjett. Dersom ein bur eller flyttar til ein distriktskommune skal ein få nedskrive 25.000 kroner av studiegjelda si kvart år. I kombinasjon med gratis/billig barnehage og SFO, reduserte VA-avgifter, auka pendlarfrådrag, auka fagforeiningsfrådrag og at ein no hevar frikortsgrensa slik at ein kan tene 100.000 kroner skattefritt, kjem folk i Møre og Romsdal til å merke at ein får betre råd.

Sidan Senterpartiet og Ap inntok regjeringskontora for tre år sidan har det også vore billigare å kome seg rundt i Distrikts-Noreg. Det er ikkje sjølvsagt at det er billig å ta ferja. Ei heller å fly på kortbanenettet. Går ein berre nokre få år attende var det mykje dyrare. 

Sjølv er eg student. Då kjem det godt med at ein aukar løyvingane til studiestøtte ytterlegare frå og med neste studieår. I tillegg har regjeringa innført 75% rabatt hjå tannlege for alle mellom 19 og 26 år. For alle under 18 år er offentleg tannhelsehjelp framleis gratis.

Utanom å betre den personlege økonomien til folk i heile landet, er det også fleire satsingar i statsbudsjettet som kjem Møre og Romsdal til gode. Til dømes blir det utgreia mogleghieter for nytt fengsel i Ålesund, barnehus i Kristiansund, meir pengar til utdanningsinsitusjonane våre og noko større løyvingar til kommunane.

Lat oss minne oss sjølve på kva som er alternativet til dagens regjering: Ei borgarleg regjering som vil bruke meir pengar i dei store byane, og mindre pengar til oss som skapar verdiar og som bur langs kysten av landet. Førre gong Høgre og Frp var i regjering vart det sentralisert politistasjonar, domstolar, arbeidsplassar og helsetilbod. Kommunar og fylkeskommunar vart nedlagt. Det er ingen grunn til å tru at det same ikkje vil skje igjen.

Ein skal kunne leve gode liv i heile landet, også på bygda. Med dette statsbudsjettet blir det betre å vere ungdom og ung vaksen i distrikta.

Dordi Lerum
Fylkestingsrepresentant for Senterpartiet

Powered by Labrador CMS