LESERINNLEGG:
Tingvoll vgs er føreslått nedlagt
Fylkeskommunedirektøren føreslår å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule frå 1. august 2025 for å spare 10 millionar kroner i eit budsjett på over 5 milliardar.
- Tingvoll vidaregåande er ein skule som skårar godt på både trivsel og gjennomføring, og ei nedlegging vil føre til at fleire elevar nedi 15-års alder må sitje timesvis på buss, eller flytte på hybel. Vi i Senterpartiet kjem til å gjere alt vi kan for å bevare skulen som er så viktig både for elevar, tilsette, næringsliv og lokalsamfunnet elles.
- I ei tid med aukande ungt utanforskap er det uforståeleg at ein føreslår slike budsjettkutt som råkar barn og unge i distrikta hardt. Det å ha ein nærskule er viktig for gjennomføring, og dersom forslaget vert vedteke fryktar eg at det vil føre til at færre ungdommar kjem seg gjennom vidaregåande. På sikt er det enno dyrare at ungdom hamnar i utanforskap enn å oppretthalde skulen.
Dordi Boksasp Lerum
Fylkestingsrepresentant for
Senterpartiet, og medlem av Kompetanse- og næringsutvalet.