LESERINNLEGG:

Et vann med grønne enger og skog rundt.
Lomundsjøen.

Lomundal, namn og skrivemåte

Publisert

Eg er født lomundaling, og sjølv om eg har flytta derifrå så har eg tilknytning til dalen med sterke band. Difor har eg reagert på at namnet på dalen har vorte endra den seinare tida. No, når ein kjem etter fylkesvegen og skal attover dalen, står det Lomunddalen med to d-ar på vegskiltet. Men det namnet er feil, var min første reaksjon. Ja, for eg reagerte. Sia har eg høyrt meg føre både her og der. I kommunen verkar det som dei knapt har registrert noko endring, og at denne skrivemåten ikkje er noko å nemne. (Eg har ikkje gjort noko grundig meiningsmåling hos dei kommunale myndigheiter, det må eg tilstå, og følgjer dårleg med på det som går føre seg i styre og stell i kommunen. Så tar eg feil her, så ber eg om orsaking!)

Etter kontakt til Kartverket fekk eg eit fyldig svar. Stadnamnansvarleg i Kartverket, Helle Janss Haugli, stadfester det som har vore mi oppfatning, at Lomundal med ein d har vore den mest vanlege skrivemåten, men at skrivemåten med to d-ar ser ut til å vera litt meir bruka på eldre kart.

Namnet Lomundal kjem, etter det namnegranskarar meiner, frå namnet på elva Lomunda som renn g jennom dalen. Med vekt på rettskriving er det da rimeleg at namnet blir til Lomund-dalen. Kanskje ein heller skulle velja det surndalingane har gjort. Dei kallar dalen og bygda for Surnadal. Etter det skulle ein kalla dalen for Lomundadalen.

Dersom dei sentrale styresmaktene i Rindal ikkje blir oppøst av at vegskilt gjennom bygda viser til Lomunddalen, dei tar det kanskje med ro om Kartverket kjem og fortel at Rindal er feil skrive. Det har vore litt diskusjon, har eg sett, mellom anna frå artiklar i Heimbygdlaget sitt årsskrift, om kva som er opphavet til namnet. Dei fleste hallar vel til at det kjem frå elvenamnet, Rinna, eller den eldre forma Rinda. Men somme argumenterar godt for at namnet heller kjem frå namnet på ein åsrygg ved Rindalsplatået, og at denne åsryggen tidlegare vart kalla ein rinde. Fasit er det vel ingen som har. Men her kjem rettskkrivingsreglane inn. Om det er Rinna eller ein rinde som er bakgrunnen for namnet så bør namnet Rindal anten skrivast Rinndal, eller så Rinddal. I Norsk stadnamnleksikon står det svart på kvitt at namnet burde skrivast Rinndal. Ja! Kva seier «rinndalingane» til det? Nei, folk i bygda kan ta det med ro! Namnet Rindal er godkjent skrivemåte, og er det namnet som er registrert i Sentralt Stadnamnregister, SSR.

I lov om stadnamn heiter det at privatpersonar kan bruke den skrivemåten dei sjølv ønskjer. Det er berre offentlege organ som er pliktige til å bruke den skrivemåten som står som godkjent eller vedteken i Sentralt Stadnamnregister. Dersom det er mykje tvil og ueinigheit om skrivemåten av eit stadnamn, kan det bli starta namnesak for å avklara kva som er rett skrivemåte for offentleg bruk. Først då blir kommunen kontakta, og det blir høyring der folk kan uttale seg om namnet. Når de gjeld Lomundal-namnet har det ikkje vore noko namnesak. Men hadde det ikkje vore greit å få avgjort kva som skal vera rett skrivemåte på Lomundalen, og at det skal vera med berre ein d, slik at Kartverket og andre blir på line med lomundalingane når det gjeld skrivemåten på namnet!

Powered by Labrador CMS