LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Storm i eit vannglass!

"Ein time etter at Fylkeskommunedirektøren skulle legge ned haugevis av ferjetilbod, leggje ned vidaregåande skular og kutte 80 mill kr, framstod pressekonferansen på fylket meir som èin storm i eit vannglass!"

Heile det politiske miljøet på Stortinget, og KS forlangte at regjeringa kom med meir pengar til kommunane i 2024, 10-15 milliarder kr var kravet.

Regjeringa klarte heller ikkje her å levere, men 5 milliard kr i 2024 og det samme beløpet ekstra i 2025 fører til ca 75 million kr meir til fylkeskommunen i budsjettet grunnlaget for 2025.

  • Pengar dette også.

"Det ville vere greinalaust å kutte brutalt i ferjetilbudet eller sette opp ferjeprisane i ei tid der dagens regjering har sørga for at næringslivet og innbyggjarane er i kneståande økonomisk"

Dei 80 million kr som var lagt inn som kutt i 2025, er viska vekk, og det er fortsatt eit budsjettgrunnlag der det er lagt til grunn eit betydeleg positivt resultat med kontroll på disposisjonsfondet.

Det blir såleis ikkje verken nødvendig eller forsvarleg å leggje ned Tingvoll vidaregåande skule, èin distriktsskule som burde vere eit godt tiltak for bulyst og regional utvikling på Nordmøre.

Fortsatt rasjonalisering og nye reformer for drifta av fylkeskommunen er fortsatt nødvendig, men dette blir ikkje på nivået som vart gjennomført sist år.

FrP vil fortsette å kutte og fjerne "alt som er kjekt å ha" program slik som Skaparkraft og Byen som regional motor, unødvendige prosjekt og selskap må sjølvsagt kuttast heilt. 

"Går ikkje ann å bruke fleire titals million kr på unødvendige vanvittige prosjekt og program når Fylkeskommunedirektøren foreslår betydelig kutt i svært viktig samfunnsinfrastruktur."

Så legg eg sjølvsagt godt merke til at Fylkeskommunedirektøren ikkje kuttar eller rasjonaliserer ei KRONE i administrasjonen. 

- Nei, her blir det auka monaleg, medan næringslivet og innbyggjarane skulle verkeleg takast ved kraftige rutekutt i ferjedrift, betydeleg dyrare ferjer, og nedlegging av vidaregåande skule.

Slik likar eg slett ikkje, og dette vitnar om èin fylkesadministrasjon som er blotta for samfunnsrolle, regionsbygging og som tydelegvis er mest opptatt av å verne seg sjølve og byråkratiet på fylkeshuset.

Alt ligg godt til rette for rolege forhold på fylkestinget før jul, der det burde vere ei lett sak for det borgarlege fleirtalet å sy ihop eit godt budsjett.

Dette blir kjedeleg for media som sikkert hadde gledd seg til litt styr, men som no berre kan konsentrere seg om kaffekoppen.

Så får vi håpe at èin møter til budsjettforhandlingar utan "hakk i plata" og bunde mandat frå enkelte, med tiltak èin veldig godt veit så inderleg vel ikkje går igjennom.

FrP setter også sin lit til at det Norske folk har fått nok av Vedum og Støre, og at ei ny borgarleg regjering med eit sterkt FrP kjem på plass etter Stortingsvalet neste haust.

Då kan det på nytt bli ein politikk her i landet for vekst og næringsutvikling, lavere skatter og avgifter, kutt i drivstoff og straumprisar som igjen vil kunne føre til lavere rente.

Dette vil ha svært stor betydning for kommunane, næringslivet og for innbyggjarane, med gode erfaringar frå sist dei borgarlege partia styrte landet.

Mvh
Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
Gruppeleiar fylkestingsgruppa
for FrP

Powered by Labrador CMS