LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Strøtankar etter valet

Så har folket sagt sitt, og vi har fått det mannskapet som skal styre kommunar og fylke dei næraste åra. Som gammal historikar og samfunnsfaglærar, med erfaring også som politikar og byråkrat, er det vanskeleg å unngå nokre refleksjonar:

Valdeltaking

Det viktigaste å seie om valdeltakinga er at «Heimesitjarpartiet» vart det største, med rundt 40 prosent av røystene, og over 50 prosent i enkelte område i landet. Etter mitt syn, fortel det noko negativt om demokratiet. Den sterke auken i utdanning og i mediekonsum har ikkje ført til større valdeltaking, og det er god grunn til å diskutere grunnar til det.

Ein grunn som eg er nokså sikker på gjeld i mange kommunar, er den store oppsplittinga i mange parti. Frå lærargjerninga mi, veit eg kor vanskeleg det var for ungdommar å sjå dei tydelege skilnadene mellom partia. Det er sikkert ikkje mykje lettare for dei mange med innvandrarbakgrunn som dei siste tiåra også har fått stemmerett i landet vårt. Ved Oslovalet var det 20 ulike lister. Kven kan vel gjere gode val mellom så mange? TV-programmet om INP nyleg gav ei godt innblikk i mangfoldet av kunnskap og holdningar også blant veljarar med norsk bakgrunn overfor eit nytt parti.

Så kan ein berre spørre seg om dei utfordringane landet vårt og kommunane står overfor når det gjeld t.d. klima og miljø, krig og fred, energi og økonomisk styring og fordeling, no har fått dei beste partia og problemløysarane som vinnarar. Personleg føler eg meg ikkje sikker. Enda vi i valkampen også har fått illustrert korleis regjeringa i tillegg til øydeleggande habilitetssaker kunne drysse ut mange gode budsjettlekkasjar til hjelp i valkampen, og den forrige regjeringa kunne vente til over valet med å offentleggjere informasjon om skadeleg aksje- og børsveksemd som også kunne ha påverka valresultatet.

Likestilling?

Møre og Romsdal har aldri vore noko godt fylke for likestilling mellom kvinner og menn. Kvinner fekk allmenn røysterett i 1913, men først i 1977 vart dei 2 første kvinnene valde til Stortinget.

Eg veit ikkje om dette forklarer at Rindal kommune, no etter overgangen til Trøndelag, har fått eit kommunestyre med 10 kvinner og 7 menn, medan Surnadal – med 27 medlemmar av kommunestyret – har valt 18 menn og 9 kvinner. Både FrP, MDG og Rødt har reine mannsgrupper, og Høyre har 5 menn og 2 kvinner. I SP er det 6 menn og 2 kvinner. Dei mannfolkdominerte kommunane hadde ein sterk tendens til å vektlegge vegar, bil, jakt og (maskulin) idrett, fann vi ut då eg var med og laga den første likestillingsmeldinga for Møre og Romsdal i 1989. Men i Surnadal er vi no avhengig av at også mennene engasjerer seg sterkt i sosial- og eldrepolitikk, barnehagar og skole, ungdomspolitikk og kultur!

Eivind Hasle

Powered by Labrador CMS