LESARINNLEGG:

Bernt G. Bøe

Skal uskuldige små ta rekninga?

Publisert Sist oppdatert

Surnadal er redd for Robek. Vi forstår at det bekymrar. Verre å forstå eit enormt overforbruk trass i åtvaringar.

Og heilt umuleg å forstå, enn seie godta, er kommunedirektørens ønske om at små skuleungar skal betale denne rekninga. Dei er små menneske som skal ha ein god og trygg oppvekst – i nærmiljøet sitt. Dette kan ikkje de i formannskap og kommunestyre vera med på!

Eit moment er lett å glømme: Lokaldemokratiet består ikkje berre av kommunestyret! I skulekretsane er FAU valde for å ivareta ungane og heimane sine interesser for oppvekst og læring. Desse er dei demokratiske organa ein først og fremst må lytte til i skulesaker.

Uttalen (Driva 24. mars) frå samtlege FAU i kommunen (Subus I og II, Mo, Todalen-Stangvik og Bøfjorden-Bæverfjord) er det tyngste og mest saks-retta momentet i heile denne saka.

Desse FAU (og andre) påminner om mange utelatne (men høgst aktuelle) sider i direktørens «reknestykke»: Uakseptabel reiseveg for 5-6-åringar (lovleg?), utrygghet, tap av naturleg tilhørighet, utarming av livsvilkår og bulyst i grendene, uhaldbar romsituasjon på Subus og mykje anna.

No har ikkje FAU (og heller ikkje kommunedirektøren) stemmerett i formannskap og kommunestyre. Det er difor avgjerande at representantane der lyttar til det reelle skuledemokratiet - som ser alle sider ved ei så dramatisk sak.

Verken kommunedirektør eller politikarar bør gå inn i historia ved - uoppretteleg – å radere ut dei verdiane som her står på spel.

Vi ser «handlekraftige» uttalar i media om tøffe tiltak. Men det er totalt urettferdig at små skuleungar skal betale rekninga etter overforbruk av fellesskapets midlar på andre område!

Firesifra tal på innbyggjarar i kommunen er fortvila over forslaget om å legge ned skular. Det må vera eit uomgjengeleg krav at ein breitt samansett komite av folk med innsikt og tankar om alle konsekvensar gjennomgår samtlege sider av dette forhasta reknestykket!

Bernt G. Bøe

Powered by Labrador CMS