LESARINNLEGG:

Et skolebygg.
Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter.

Eg vil dele ei erfaring med kommune­politikarane

Publisert

Det var vanskeleg å ta helg etter at utfallet i formannskapet vart at forslaget om gjere ei utgreiing om legge ned grendeskulane skal behandlast i kommunestyret. Eg har lyst til å dele ei erfaring. Skulle ønskt politikarane våre tok ho til seg. 

Sjølv er eg vakse opp i Surnadal sentrum, gått på skule på Øye, budd i by, og flytta heimatt til sentrum då ungane nærma seg alder til å begynne på skule, på Øye. Parallelt med heimflytting utdanna eg meg til lærar. Ferdig utdanna i 2016, var eg så UHELDIG i eigne auge å få tilbod om fast lærarstilling i Bæverfjord. Eg gret… Det var det siste eg ønskte meg. Eg hadde inga interesse av å skulle arbeide i eit lite miljø med fleire trinn i same klasse, og såg mørkt på å køyre over Nordmarka. Eg hadde ikkje tru på at det var noko særleg å vere elev på ein så liten skule, og aldersblanda pedagogikk hadde eg ikkje lært noko om. Eg sat i styret da MDG Surnadal vart starta i 2015, og eg sa nok i partimøte der og, at eg ikkje trudde det kunne vere noko særleg å gå på eller jobbe på så små skular. For det trudde eg. Kollegaene mine på ungdomsskulen kor eg vikarierte, trøysta meg og sa at eg kunne jo berre søke meg tilbake det påfølgande året. 

No har det snart gått ni år, og eg har aldri søkt. Personalet er stabilt, godt utdanna og har så godt som null sjukefråvær. Og vi held budsjettet vårt! Eg har lært å sette pris på det fantastiske miljøet, fleksibiliteten, tryggleiken og samhaldet. Og eg meiner oppriktig at fordelane med å vere små i aller høgste grad veg opp for ulempene, både for elevar og tilsette. For meg veg det opp for ristinga over marka også. Og eg vil tru det er like erfaringar ved dei andre grendeskulane. I sentrum derimot, opplever eg stadig at folk ikkje har kjennskap til korleis ein grendeskule er drive, kor mange elevar det er og kva tilbod vi gjev dei. Mange har heller ikkje vore til endes i grendene, og har ikkje kjennskap til avstandane. 

I mitt parti er folk delt, og somme lurar på kvifor eg er så redd ei utgreiing når eg både ser så store konsekvensar og tvilar slik på innsparinga? - Jo, eg er LIVREDD for at utgreiinga ikkje skal vere god nok, at tidspunktet for høyringar er ugunstig, og at mange i kommunestyret, altså vanlege folk, kanskje kan vere like 'fordomsfulle' som eg var. No handlar dette om økonomi, og ikkje kvaliteten på skulane, men om ein ikkje har trua på kvaliteten, er det jo lettare å la økonomiske hensyn vinne. 

Eg håpar endeleg at kommunestyret ikkje tek ei forhasta avgjerd neste veke utan å ha prøvd skulevegen til ungane, utan å ha besøkt skulane. Dette er ikkje berre tal og pennestrek! Eg veit dei ikkje har lyst til å legge ned, men eit ja 3. april er eit skritt nærare, og ei uvisse eg ikkje unnar verken elevar, grendene eller tilsette å måtte gå med til oktober, nært eit halvår. Det er ei belastning!

Lisa Forslund,
busett i sentrum, tilsett ved grendeskule og politisk engasjert

Powered by Labrador CMS