LESERINNLEGG:
Lesarbrev frå Surnadal SV
Det viktigaste for oss i Surnadal SV er å skape trygge og gode barne- og ungdomsår, grøn omstilling, mangfald og inkludering.
Surnadal SV vil ha eit trygt samfunn som gir alle like moglegheiter. Tryggheit er den viktigaste forutsetninga for god livskvalitet.
Surnadal SV vil kjempe mot barnefattigdom og utanforskap gjennom arbeid for sosial utjamning og inkludering.
Vi vil jobbe for å auke sosialhjelpsatsene, slik at alle mottakarane kan følgje offentlege helse- og kostholdsråd og kunne delta i fritidsaktiviteter.
Vi vil arbeide for trygg og god bemanning i barnehagar og skular. Fleire profesjonar må vera med på laget kring barna våre. Vi må sikre lærarnorma i skulane og bemanningsnormen i heile opningstida i barnehagane. Vi vil arbeide for gratis skulemåltid og gratis SFO for alle. Dette er saker Surnadal SV har hatt medi programma sine i alle periodane vi har stilt liste. Denne gongen er det fleire parti som har hengt seg på, og det håpar vi lovar godt for å få gjennomført tiltaka.
Å kunne tilby sommararbeid for ungdom, er også eit viktig tiltak. Det vil gjera kommunen interessant med tanke på utdanning- og yrkesvalg.
Surnadal SV vil arbeide for folkehelse i alle ledd. Vi må arbeide for nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustader, og sørge for at velferdsteknologi ikkje erstattar menneskeleg kontakt. Vi eldest ikkje likt, og vi må ha tilbod som er tilpassa den enkelte. SV vil arbeide for faste heilstillingar i helsevesenet.
Surnadal SV vil arbeide for eit aktivt og bærekraftig landbruk og næringsliv i heile kommunen, og å sikre gode basistjenester i lokalsamfunna våre.
Jordvern er viktig. Areal som no grør ned, kan takast tilbake som areal for dyrking.
Vi treng ein kraftfull og offensiv miljøpolitikk, ein kommune og fylkeskommune som tek ansvar for å begrense utsleppa av klimagassar og øydelegging av naturen. Landbruket skal gi auka sjølvforsyning og ein trygg matproduksjon. Det vil gi mat, arbeidsplassar og desentralisert busetnad. Vi heier på Todalen Meieri sine planar for den gamle todalsskulen.
Surnadal SV vil satse på kulturkommunen i Surnadal gjennom styrking av bibliotek, ungdomstilbod og kultur- og naturtilbod i heile kommunen. Surnadal SV vil støtte idrettlaga og ymse organsisasjoner som for mange er viktig for inkludering og mot utenforskap. Vi har tru på at kulturkommunen betrar folkehelsa og motverkar utanforskap.
Vi vil satse på tiltak som kan redusere forbruket og ta vare på ressursane, og vi går for å gjera Surnadal til ein plastsmart kommune som brukar mindre og gjenvinn plast, og hindrar at mikroplast kjem ut i fjorden.
Surnadal SV vil også jobbe for at den vidaregåande skulen her skal kunne behalde dei programma dei tilbyr no. Vis er viktig for at ungdommen skal kunne bu heime i åra som er så viktige for eit menneskes utvikling, og for at ungdommane våre skal kjenne tilhøyrigheit til heimstaden, og slik ønskje å bli verande/koma tilbake etter endt utdanning.
Vi vil også arbeide for læreplasser for ungdom, både i offentlege og private verksemder.
Det er tid for dei mange, ikke for dei få.
Surnadal SV