LESERINNLEGG:
Om vedkomfyr, utedass og god eigenberedskap
Har du tenkt over at du med god eigenberedskap kan redusere omfanget av komande kriser, både for deg sjølv og samfunnet elles?
Då min lille familie flytta inn i huset vårt for over ti år sidan, sørga vi for at den eine vedomnen var ein vedkomfyr der vi kan koke og steike mat viss behovet oppstår. Kommentaren frå naboen var: « Vi har utedass, men ikkje vedkomfyr, kanskje vi kan samarbeide viss straumen forsvinn vinterstid?
Eg vaks opp med foreldre som opplevde den andre verdskrigen. Dei fortalte ofte om kva dette innebar og var opptekne av å vera førebudd på nye kriser. Derfor har eg både heime og som folkevalt hatt eit særleg engasjement for beredskap. Det er viktig å tenkje over kva som kan skje viss straumen forsvinn, vegen blir stengt, mobil- og internett sluttar å fungere eller om medisinforsyningane stoppar opp ei tid.
Som tidlegare mangeårig medlem av justiskomiteen for Senterpartiet har eg vore pådrivar både for å innføre ein årleg eigenberedskapskampanje og å nedsette ein totalberedskapskommisjon. Heile Stortinget samla seg bak forslaget om den årlege kampanjen før regjeringsskiftet i 2021. Eg er glad for at dette no er på plass og at vår regjering også sette ned ein totalberedskapskommisjon. Denne har gitt oss gode råd om kva politiske grep som bør gjerast framover, og det skal koma ei stortingsmelding om temaet.
Eigenberedskap handlar om kva den enkelte av oss kan gjera for å vera best mogleg budd på ei krise. Dersom dei fleste sørgjer for å skaffe seg det viktigaste for å klare minst ei veke utan hjelp og forsyningar, kan det hindre at kriser som uansett vil oppstå får eit verre resultat enn nødvendig. Slik tek den enkelte også eit samfunnsansvar og bidreg til nettopp ein betre totalberedskap.
Lokale og nasjonale myndigheiter, bergingsmannskap og hjelpeorganisasjonar bør sleppe å bruke unødig tid og ressursar på oss som kan gjera tiltak for å klare oss sjølve ei veke eller gjerne lenger. Dei kan heller få konsentrere seg om å hjelpe dei som er mest ramma, eller andre som er særleg sårbare, i den tidlege fasen av ei krise.
Vedkomfyr og utedass er berre eit lite døme på korleis ein kan sjå eigenberedskap i samanheng med kva naboen eller lokalsamfunnet elles kan stille opp med når det knip. Dette legg også Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) vekt på i den årlege eigenberedskapsveka som har kome i stand som ei fin oppfølging av stortingsvedtaket om ein årleg kampanje.
DSB informerer godt om kva vi bør ha av mat, vatn, medisinar og utstyr heime. God informasjon er likevel ikkje nok dersom vi ikkje følgjer opp sjølve med konkrete tiltak i heimen.
Beredskap er ei slags forsikringsordning som vi ofte først ser verdien av når kriser inntreffer. Ved å sørge for god eigenberedskap, bidreg vi til eit tryggare samfunn for oss alle. Det kan dessutan vera både hyggeleg og meiningsfullt å hjelpe kvarandre i nabolaget med slikt som ikkje absolutt alle må eller kan skaffe seg.
Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet