LESARINNLEGG:

En drasskledd mann og ei dame med langt oppsatt hår som står ved siden av hverandre og ser mot kamera med alvorlig mine. Bak dem en vegg med et stort vevd teppe i flere farger.
Geir Inge Lien og Jenny Klinge.

Om å gi blaffen i lokal folkevilje

Den nye kommunalministeren frå Ap, Kjersti Stenseng, viser ein mangel på respekt for lokal folkevilje som ikkje er ein kommunalminister verdig når ho reverserer vedtaket om grensejustering som Senterpartiets statsråd Erling Sande gjorde rett før regjeringsskiftet. Folkeviljen lokalt er klar: Ona og Sandøya ønskjer å bli ein del av Aukra, og statsforvaltaren har i to omgangar tydeleg støtta dette.

Stenseng uttalte dette til NRK den 7/2: «No er det på tide å bli ferdig med reversering, oppsplitting og grensejustering og bruke tid og krefter på å gi innbyggjarane gode tenester.» Dessverre er svært mykje unødvendig tid og mange krefter allereie brukt på samanslåingar som ikkje var ønskte lokalt. Frustrasjon og energitapping kan halde fram i tiår etter slikt. Sjølv om det på kort sikt kan vera brysamt og dyrt å rette oppatt slike feil, kan det på sikt løne seg mykje. Denne konkrete grensejusteringa var sterkt ønska og ville ha bidrege til mykje mindre unødvendig frustrasjon og energitapping over tid enn det Stensengs grep gjer.

Kommunalministeren seier at ho ikkje vil ha fleire reverseringar, men det ho og Ap gjer no kan vi kalle overkøyring av folkeviljen. Det Senterpartiet ønskjer, er å rette opp feil etter Erna Solbergs sentraliseringspolitikk. At noko blir kalt reversering, er ein måte å bruke ord på som skal forme folks oppfatning av saka. I realiteten vil både Ap, Høgre og Frp reversere positive tiltak som Senterpartiet har jobba fram. Det er den type reversering veljarane burde vera bekymra for viss målet er verdiskaping og velferd i heile fylket vårt og landet.

Når det gjeld denne konkrete saka, er det faktisk ikkje snakk om reversering, men om ei av Norges minste grensejusteringssaker. Og det er fullt forståeleg at folk er sterkt provoserte og lei seg på grunn av det Stenseng har gjort.

Det er sikkert fristande å vise handlekraft når ein får ein statsrådpost. Det er likevel ikkje å vise styrke og klokskap å gi så raskt - og utan å ha sett seg godt nok inn i sakskomplekset – etter for det som openbart er et krav internt og sentralt i Ap. Ein burde forvente at ein kommunalminister har eit medvite forhold til kva det betyr å lytte til folk lokalt og til korleis ein legg grunnlag for eit velfungerande lokalt sjølvstyre i praksis. 

Vi i Senterpartiet har levert eit representantforslag som skal opp til behandling i Stortinget i vår: Teksten i framlegget er slik: «Stortinget ber regjeringen sørge for at Ona-Husøya og Sandøya blir grensejustert over til Aukra kommune, i tråd med Statsforvalterens anbefaling fra 06.12.24.» Det betyr at Stortinget må ta stilling til denne konkrete saka. Vi håpar Stortinget lyttar til folket på Ona og Sandøya.

Geir Inge Lien og Jenny Klinge
Stortingsrepresentantar for Senterpartiet

Powered by Labrador CMS