LESERINNLEGG:

Portrettbilde av ei ung dame.
Dordi Boksasp Lerum

Ode til Fylkestinget

Publisert

(Melodi: Helene Harefrøken)

Så var det fylkesting på nytt igjen

Politikarar kjem frå by og grend

To chille dagar på eit spahotell med øl

Bruke skattepengar på å ordne opp i søl

Eit tomt dispfond, ein streng direktør

Og sju-og-førti idiotar

 

Først så startar vi med habilitet

I fylket vårt er det ein brutalitet

For er du usamd må du rekne med å gå

Posisjonen stemmer nemleg ned faglege råd

Feil side, av politikken

Er ugild-grunn for blåblå side

 

Det borgle´ kaoset vart raskt komplett

For ingen likar kutt og stramt budsjett

Heller ikkje byråkratar i KDD

Dei sender det tilbake med ein tydeleg beskjed:

Gjer jobben, og ordn´opp

Og unngå Robek i neste runde

 

Asfaltkameratane har planen klar:

Ungdommen er ´kje «største kapital»

La oss sei opp 90 lærarar til

Slik at vi får vegen just som vi vil

For kven bryr seg, om elevar stryk

Så lenge C-ferja går til Hareid

 

Men denne planen vil ´kje AP ha

Sentraliser alt til byen så blir det så bra!

Kva skal vi med små skular uti gokk?

På tide å finne hammaren, flytte inn i blokk

For stakkars bybarn, ja dei lid

Må distrikta døy så fort som mogleg

 

Så er dag 1 av tinget slutt for kveld´

Folk pakkar saman raskt som ein duracell

Køen bort til baren veks i kjempefart

«Jau da, eg skal lese morgondagens sakspapir snart»

Men først ein øl, og litt akevitt

Gløym ´kje nach i boblebadet

Og festens mest populære menn

Er Richard; Trond; - og Geir frå Sunnmørsposten

Dei sit med SV-damene til langt på natt

Og snakkar høgt om bollar, valkamp og skatt

Øl går ned, og seint blir det

Men kven vinn rævkrokkonkurransen?

 

Dag 2 ved møtestart sit alle spent

Kor mange representantar kan vi vent´?

Ordføraren klubbar ekstra hardt på start

Og konstaterer at ting er gjenkjennbart:

Han manglar, og ho søv

- Det er hardt å vere folkets tenar!

I den grad dette utløyser tilsvarsrett oppmodar eg replikkantane til å svare i same stil :-)

Dordi Lerum, Fylkestingsrepresentant (Sp)

Powered by Labrador CMS