LESERINNLEGG:

En kvinne smiler til kamera
Dordi Lerum

Meir norsk mat i fylkeskommunen

Publisert Sist oppdatert

Interpellasjon - Forslag til fylkestinget:

Noreg er det landet i den vestlege verda med den lågaste sjølvforsyninga på mat, og vi har i følgje NIBIO ei reell sjølvforsyningsgrad på berre 39%. Den låge sjølvforsyningsgraden gjer oss sårbare dersom ei krise skulle ramme oss. Difor er det eit viktig og tverrpolitisk mål å få auka sjølvforsyningsgraden i landet vårt.

I Noreg er det strenge krav til dyrevelferd, og i tillegg er vi det landet i verda som brukar minst antibiotika i dyrehaldet vårt. Ikkje berre sikrar norske bønder levande bygder og held vedlike kulturlandskapet, men dei jobbar også kvar einaste dag for å produsere rein, trygg og sunn mat til innbyggjarane. I Møre og Romsdal har vi rundt 3000 dyktige gardbrukarar som produserer både kjøt, egg, mjølk, korn, grønsaker og frukt. I tillegg kjem ei sterk fiskeri- og havbruksnæring.

For å få opp sjølvforsyninga må vi støtte opp om den norske bonden og norske arbeidsplassar, og kjøpe norsk mat. Offentleg sektor må gå føre som eit godt døme og handle norsk mat når det er mogleg. Det skulle berre mangle at fylkeskommunen prioriterer å kjøpe inn norsk mat i kantinene og til politiske møte. 

Det fyrste resultatmålet i fylkesstrategien for landbruk er å “Auke verdiskapinga frå landbruket i Møre og Romsdal”. Fylkeskommunen og offentleg sektor kan bidra til å nå dette målet ved å sjølv aktivt kjøpe inn norsk og lokal mat, i staden for å importere matvarer vi har høve til å produsere sjølv.

Forslag til vedtak:

  • Fylkestinget oppfordrar til å i størst mogleg grad nytte norskprodusert mat på i kantinene ved dei vidaregåande skulane, på ferjene og på fylkeshuset i Møre og Romsdal.
  • Fylkestinget ynskjer norsk, og gjerne lokal, mat på fylkestingssamlingar og andre politiske møte i regi av fylkeskommunen.
  • Aktivt jobbe for å få ned matsvinn i fylkeskommunen.
Powered by Labrador CMS