LESARINNLEGG:

Valgt av folket for folket?
Det er sjeldan kost å få bevitne det engasjemanget som er mobilisert i forbindelse med skulesaka i kommunen.
Det gleder meg som er leiar for eit lite og forhaldsvis nytt lokallag, for politikk er saker som opptek oss i kvardagen, saman med lovpålagte krav om korleis tjenestar og rettar vi som innbyggere i kommunen har. Vi i Rødt Surnadal gjekk til val på å halde på skulestrukturen i kommunen, og vi står for det. Om spørsmålet er kvar skal vi ta pengane frå så ha eg nokre innspel.
Vi har pr i dag eit system i kommunane der det er veldig vanskeleg å "henge bjællå på rætt kua", både blandt politikarar og tilsette i administrasjonen.
Vi som folkevalgte og ansatte i administrasjonen må kunne lastast for økonomien i kommunen som er på the highway to Robek. Neste år så kjem det enda 40 flyktningar til Surnadal. Skuledelen er altså ein sektor som leverer innafor budsjetta om vi ser bort ifrå vaksenopplæringa. Ola Magne Nordvik (22. mars i driva) uttalte at det har vore eit meirforbruk på 179 millionar kr i budsjetta i kommunen over dei siste fem åra. Da bør spørsmålet vere: korleis i alle dagar kom vi hit?
Og kommunedirektøren vil kjøre på med å få bygd helsehus, der det er estimert eit lånebehov på 439 millionar kr, pluss rentekostnadar osv.
Mykje av meirforbruket bør og må adresserast til helsedelen av kommunen. Forstår at det for administrasjonen blir ein dryg spagat på utrente lår når det går så anseelege summar til å betale for overliggere på sjukehusa og vikarbruk innafor sektoren. Der er vel diskusjonen i media vedrørende ledelses-kultur relevant for økonomien i høgste grad. Registrerte at kommunedirektøren i lys av bekymringar fra tilsette i kommunen påpeika at det er ein gang i dette, men når det at fleire av dei tillitsvalgte i kommunen kvier seg for å ta saker oppover i systemet, så burde vel varsellampane ha lyst Raudt for lenge sida? At det er estimert 10 millionar å spare på sentraliseringa av skulestrukturen går eg ikkje med på. Opgraderingsbehov på gulbygget på Øye, leige av brakker o.l. må også inn i det reiknestykket.
ER det slik at den hellige gral for somme parti i kommunen er privatisering av tjenestane på sikt? Som vi veit går på bekostning av arbeider-rettar, løn og pensjonar til dei tilsette?
Av erfaring så er nedlegging av skulane i distrikta første spikaren i kista mot utdøydde lokalsamfunn. Og det må vi som folkevalgte i ein landsens kommune ta innover oss. Og kva med framtida til dei av bøndene som har born på ein av grendeskulane, skal vi leggje enda ei tung psykisk bør på skuldrane deira?
Vi i Rødt Surnadal skal iallefall gjere alt det vi kan for å behalde liv og røre og ta vare på lokalsamfunna i utkantane.
Roar Nes,
leiar i Rødt Surnadal