LESERINNLEGG:

To damer, den ene med diplom og fat
Ingrid Kjønnøy

Skatt på nynorsk!

Publisert Sist oppdatert

No har du fått skattemeldinga og har sett på tala. Tida er inne for å sjå på språket!

Får du meldinga på nynorsk og er fornøgd med det, er alt vel og bra. Får du ho på bokmål og heller vil ha ho på nynorsk, sjå her:

Du må registrere deg som nynorskbrukar. Du går inn på nettsida noreg.no/nn/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon. Der vel du den språkforma du vil ha. Dette treng du berre å gjera ein gong. Lett!

Men eg har da nynorsk på skjermen min, er ikkje det godt nok? Kanskje ikkje. Det kan vera eit lokalt val for din PC. Sjekk at språkmeldinga di er på nynorsk, da er du sikker.

Kva er vitsen? Jau, staten brukar spåket i skattemeldinga for å registrere kor mange i landet som føretrekk nynorsk. Mange bekkar små gjer ei stor å, som kjent.

Men no har eg allereie sendt inn skattemeldinga mi, da er det vel for seint? Nei da, du kan gå inn på den nettsida når som helst og endre språkvalet ditt, og da er det i orden til neste gong det er aktuelt.

Er det noko å lure på, eigentleg?

Ingrid Kjønnøy, leiar av Nordmøre Mållag

Powered by Labrador CMS