LESERINNLEGG:

Øystein Folden

Nokre spørsmål om gaupe

Det er seint på hausten og rovviltnemnda har gjort sitt vedtak om gaupekvota for jakta i vinter. Jegerane i Tingvoll er nesten nøgde. Sauebøndene ropar framleis om sine store tap, og vil aldri bli nøgde. Blei det bra det vedtaket som er gjort?

Forvaltinga av store rovdyr er ei blanding av fagkunnskap og politikk. Ei fagleg tilnærming tar biologien på alvor. Politisk tilnærming som tar omsyn til faglege føresetnader kan gje gode resultat, går det på tvers så blir det fiasko både for rovdyra og beitedyra.

Før 2013 var ansvaret for gaupene i Midt-Noreg ujamt fordelt, 6 familiegrupper i Nord-Trøndelag, 4 i Sør-Trøndelag og 2 i Møre og Romsdal. Då forvaltingsplanen blei revidert blei det 4 familiegrupper på kvar. Politikarane tala høgt om reduksjonen i Nord-Trøndelag, sa minst mogleg om Møre og Romsdal.

Det blei skote gaupe i Nord-Trøndelag, og i sørvest var det små kvoter så ein skulle oppnå bestandsmålet. Gaupa var med på opplegget. Det blei færre store rovdyr å ta vare på i nordaust, og Møre og Romsdal måtte ta noko meir ansvar, for gaupa. Der er vi no. Dei siste åra har det vore omtrent 4 familiegrupper i Møre og Romsdal, det som er målet. Fagleg sett vil det vere ein fordel om dei 4 familiegruppene av gaupe kan fordelast over ein større del av Møre og Romsdal. Då får dei gjere oppgåva si som store rovdyr over ein større del av fylket, og presset på beitedyra blir fordelt på fleire. Det vil også bli enklare å skadefelle spesielt brysame gauper.

Naturvernforbundet foreslo at den sørlege delen av Sunndal med fordel kan leggast til forvaltingsområdet for gaupe. Det ville ikkje nemnda. I staden er det nokre som talar om å ta Tingvoll ut av forvaltingsområdet og legge det inn i området med kvotefri jakt. Noko som ikkje er mogleg i følgje lovverket.

Når ein les forsking så kjem det fram at der det er tett mellom hjortedyra, der er det tettast mellom gaupene. Forklaringa er truleg så enkel som at gaupene treng mat heile året, og då må det vere tilgang på byttedyr også heile året. Viss ein reduserer mattilgangen for gaupa om vinteren, vil fleire gauper prøve å finne andre stader å bu, og dei vil få færre ungar, sjeldnare, dei som blir igjen.

Tiltak som vil redusere tap til gaupe i Tingvoll:

1. Reduser rådyrbestanden kraftig.

2. Hjortebestanden kan også med fordel reduserast ein god del.

3. La gaupeungar få gå med mora til dei har lært avansert jakt, så dei ikkje blir nøydde til å ta lam.

4. Utvid forvaltingsområdet for gaupe i Møre og Romsdal.

Pkt. 1 og 2 er det kommunane som rår over.
Pkt. 3 går på eit av vilkåra som nemnda fastsette no. Naturvernforbundet vil klage på dette punktet, så nemnda får ein ny sjanse til å rette opp dette.
Pkt. 4 er det rovviltnemnda som rår over. Det er ingen som kan hindre dei i å gjere eit slikt vedtak, som å ta heile Sunndal inn i forvaltingsområdet for gaupe.

 

Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS