LESERINNLEGG:

Motorferdsel – gode eller onde?
Surnadal kommune har regelverk for motorferdsel i utmark på høyring. Der er hovudspørsmålet om ein skal få køyre 12 eller 15 turar i året med snøskuter. Det er altså spørsmål om ein kan få køyre til hytta med snøskuter nesten kvar helg i perioden med snø.
Dette er ein sak der det gong på gong viser seg at folk flest ikkje ønskjer motorferdsel i utmarka, eventuelt meir avgrensa, samtidig som kommunepolitikarar ivrar for lausslepp. Å gje uttrykk for at ein ikkje ønskjer motorferdsel fritt eller noko meir avgrensa, kan opplevast som ubehageleg.
Naturvernforbundet har no levert høyringsfråsegn. Vil du sjå kva Naturvernforbundet seier om saka, så finn du ei fråsegn på Naturvernforbundet si nettside.
Meiner du at det bør bli mykje mindre snøskuterbruk i utmarka, send svar til kommunen på høyringa innan 4.4.2025. Kjennast det ubehageleg å sende høyringssvar, så kan ein t.d. melde seg inn i Naturvernforbundet. Som organisasjon kan vi nettopp gje uttrykk for meiningar i saker der det er vanskeleg å stå opp aleine.
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.