LESERINNLEGG:

Øystein Folden

Jerv – ikkje så enkelt

Publisert

Det er stadig nokre som vil ha jerven vekk frå Rauma og Fjord kommunar. Det kan ein forstå at dei meiner. Men det er ikkje alt som bygger på fakta, og ein del er også i strid med naturen sine behov.

Det blir stadig hevda at vi har ein bestand av jerv langt over målet. Det er sant og slett ikkje sant. Nasjonalt og regionalt er bestanden høgare enn det nasjonalt fastsette målet. I Møre og Romsdal, innanfor forvaltingsområdet som jerven er vist til, har vi knapt noko år vore over målet. Så lenge vi ikkje har meir enn tre ynglingar eller ca. 20 dyr i dette området, så er det løgn å seie at vi har ein bestand i dette området som ikkje berre er over målet, men langt over målet. Det blir ikkje meir rett av å gjenta dette mange gongar.

Det følgjer av forvaltingsplanen frå 2018 at eit område av Rauma og Fjord skal vere forvaltingsområde for jerv, altså eit område der ein vil at jerven skal vere. Frank Sve satt i rovviltnemnda den gongen og var med på å vedta dette. Han tok også æra for å ta Øvre Sunndal ut av dette området, slik at forvaltingsområdet blei mindre og ansvaret for Fjord og Rauma større. I forvaltingsplanen finn ein mellom anna denne formuleringa om utveljinga av forvaltingsområde: «Forvaltningsområdene for de ulike artene er lagt dit bestandsmålet kan nås og der de totalt sett vil gi minst konflikter med beitenæringen.»

Mykje tyder på at bestanden i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal held seg godt under vedtatt mål. Påviste ynglingar i området svarar til under 20 dyr, og, innsamling av DNA i same område seier noko mindre. Det er mykje truleg at desse jervane fangar omtrent like mange byttedyr kvart år. Viss sauetalet i området minkar til ein firedel og jervane et like mykje sau, vil tapa bli fire gongar så store i prosent, men like store i faktiske tal. Det kan jo vere greitt å huske på.

Det blir hevda at naturmangfaldet vil bli redusert viss sauebeitinga sluttar. Er det rett? Det naturmangfaldet ein tenkjer på då er oftast seterlandskapet. Det har fram til ca. 1950-talet blitt halde vedlike i form av 4 viktige tiltak:

- Beiting med sau

- Beiting med storfe

- Slått

- Hogst av ris og ved til seterdrifta

Beiting og slått har forskjellig verknad på naturmangfaldet. Når ein sluttar med slått og aukar beitet i staden, vil naturmangfaldet bli dårlegare.

Beiting av sau og beiting av storfe har forskjellig verknad fordi dyra beiter ulikt og vel forskjellige artar. Sauen er t.d. ein ekspert på å finne og beite orkidear. Typisk blanding kunne vere 6 kyr og 12 sauer. 12 sauer et omtrent like mykje som 3 kyr. Dvs. at 2/3 av beiteuttaket blei gjort av storfe.

Viss ein sluttar med storfebeiting og slått, og satsar på sauebeiting i staden, kan ein halde seterlandskapet ope til ein viss grad, men naturmangfaldet minkar. Viss bøndene vil vere med å auke naturmangfaldet, bør dei i staden for sau sende storfe til fjells. Dei er heller ikkje så utsett for å bli tatt av jerv.

Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS