LESERINNLEGG:

Mann med varseljakke foran en rekke blå busser.
Jesper Wiig, samferdselsdirektør anmoder folk til å kjøre fornuftig i jula.

– Trygge trafikantar og dyktige entreprenørar

Publisert

Jula 2024:

Jula er her på alle kantar. Juletreet er pynta i heimane og unge og gamle gler seg til den fine tida. Vi høyrer om dei store bulkedagane og heftig juletrafikk. Som ein av mange aktørar med ansvar for trafikktryggleik vil vi gjerne kome med ei oppfordring, og ein takk.

Oppfordringa går til alle oss som ferdast på vegane våre; ver like «heil og fin» når vi over nyttår skal tilbake til kvardagen. Vi har mista fem menneske i trafikken i Møre og Romsdal, så langt i 2024. Kvar og ei ulykke ei tragedie for langt fleire. La oss sleppe slike hendingar resten av året. Dette inneber å følgje nokre enkle råd. Det første rådet er at du må vere edru. Ganske innlysande, men det skjer altfor ofte at folk køyrer i påverka tilstand.

Det andre er at når du køyrer bil, så er det berre det du gjer. Ikkje andre ting. Er du passasjer så tør å så sei ifrå om det er noko som ikkje er trygt. Bruk setebeltet og pakke bilen som ein ryggsekk om du skal på tur (det tunge nedst og innerst). Skal du i juleselskapet eller heim frå fest, så er det fint om andre kan sjå deg – bruk refleks. Vi veit at alle ikkje les dette, men du som gjer det, kan minne dei du er glad i om desse enkle råda, som kan skilje ei god jul frå noko heilt anna.

Takken går til alle entreprenørane som arbeider ute for å halde vegane gode og trygge, mens vi andre har fri. Nordvestlandet og denne årstida kan by på så mangt. Entreprenørane er budd på alt vêret som kan kome, dreg ut og brøyter når vi andre festar eller søv. Dei dreg ut når forholda ute er slik at vi andre skal vere inne. Dei gjer ein veldig god og viktig jobb for at vi andre skal kunne ferdast trygt på vegane våre.

Det endelege valet om det er trygt, er det likevel du som trafikant som tek.

Mann med gule arbeidsklær
Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef

Vi ønskjer alle ei god og trygg jul.

 

Ole Jan Tønnesen, fylkesvegsjef

Jesper Wiig, samferdselsdirektør

Møre og Romsdal fylkeskommune

Powered by Labrador CMS