LESERINNLEGG:

Øystein Folden

Skred og gran

Publisert

Tidleg i mars månad i år gjekk det eit jordskred på Surnadalsøyra i Surnadal. Jord og vatn kom ned lia og blei vel nærgåande mot eit hus. I etterkant har Norges Geotekniske Institutt (NGI) levert ein rapport med vurdering av kva som skjedde og kan skje.

Som vanleg er årsakene fleire og samansette. Konklusjonane er varsame. Forslag blir antyda, og dyre er dei. Men det er noko som det ikkje blir tala noko om. Korleis påverkar det moderne skogbruket alt dette her?

Naturleg skog i Møre og Romsdal har gjennom århundrar vore ei blanding av furu og lauvskog. Der jordsmonnet har vore rikare, oftast sørvendt, har det vore edellauvskog. Trea har hatt forskjellig alder.

Det har ikkje vore vanleg å hogge mykje skog på same stad samtidig, slik det blir når grana er aktuell for hogst. Det har vore lange røter overalt. Jordsmonnet har ikkje vore rota med eller blitt samanpakka. Vatnet har hatt fri veg mange stader i staden for å måtte gjennom røyr nokre få stader.

Nokre år etter hogst begynner granrøtene å morknast. Skogsvegen blir mindre bruka og grøftene gror igjen. Fleire moment på ein gong kan auke fara for skred.

Skred er ein naturleg ting. Over tid skal tindane forsvinne i havet, sakte, men oftast ganske trygt. Der det har gått små skred, der vil spesielle planter og dyr tilpassa eit uroleg liv overleve.

Der den gamle skogen og skogsdrifta i liten grad påverka stabiliteten i skogslia, der har den nye tida truleg auka risikoen for problem. Samtidig har vi fått eit mildare og våtare klima som mellom anna fører til mindre tele. Her ligg det an til nye problem, oftare og oftare.

Vi bør jobbe for å løyse dette både på kort og lang sikt. Den kortsiktige delen har NGI vore inne på. Skogsvegar må oppfylle bestemte krav også når det gjeld vatn og skred. Vedlikehald av anlegg er viktig. Tilsyn stadig vekk er endå viktigare. Bygningar kan ikkje byggast kor som helst. 

Vel så viktig er det at ein no vel skogen for framtida. Ein treng ein skog der ein ikkje hogger alt på ein gong. Ein treng ein skog som har eigenskapar som er tilpassa Vestlandet. Ein treng skog der frosten får arbeide. Ein treng at skogen i bratte hamrar kan få bli ståande utan nødvendigvis å bli hogd.

Etter hogst har skogeigarane ei plikt til å få opp skog som tar vare på produksjonspotensialet. Skogeigarane får ofte det inntrykket at der det er hogd gran så er det berre ny gran som oppfyller dette kravet. Det er ikkje berre skogbrukslovgjevinga som regulerer dette. Naturavtala som blei underskriven også av Noreg for ikkje lenge sidan seier mykje, også noko om dette. For dei som vil lese, ta gjerne ein titt på del H, mål nr. 6.

Skogeigarar som no har hogd granskogen sin bør no få hjelp til å ordne til skog liknande den som var der før granskogen. Skogbrukssjefen har med heimel i skogbrukslovgjevinga høve til å gje dispensasjon slik at det er mogleg. Det bør skogbrukssjefen nytte seg av så det ikkje blir planta endå meir skog som vi kjem til å plagast med.

 

Øystein Folden, Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS