LESERINNLEGG:

Øystein Folden

Bærekraftfylket og bussen

Den same dagen som Miljødirektoratet fortel oss korleis vi kan redusere våre klimagassutslepp ganske mykje, blir det kjent at Bærekraftfylket på nytt har tenkt å legge ned togbussen mellom Kristiansund og Oppdal. Det vil føre til fleire bilar som slepp ut meir klimagass, i tillegg til at dei som bur på strekninga må flytte når det ikkje går nokon buss lenger og dei ikkje kan køyre sjølv.

Oppskrifta frå Miljødirektoratet er å køyre færre bilar kortare og saktare. Det vil seie å gjere det meir attraktivt å bruke kollektive løysingar.

Mange av ferjene langs kysten gjer både 10 og 20 turar på ein dag. Langs stamvegen mellom Sunndal og Oppdal går «ferja» fire gongar for dag. Det er elles viktigare at bussen, både togbussen og andre, køyrer, enn at prisen på kollektivtrafikk er spesielt rimeleg.

Vil Bærekraftfylket bli med og sjå framover på gode løysingar for folk og klode, eller sitt dei fast i fortida?

Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS