To damer og tre menn oppstilt med blomsterbuketter i hendene.
Leder og nestleder i Møre og Romsdal Bondelag ble gjenvalgt for ett år under helgas fylkesårsmøte, og fylkesstyret fortsetter uendret enda en periopde. Fra venstre: Olav Håkon Ulfsnes, Kjersti Fløystad Ellingsgård, Kristin Gilje Sandnes, Lars Olav Vanberg, Audun Skjervøy og Marius Dahle Klever.

Klar melding om beredskap og matsikkerheit

Publisert Sist oppdatert

– Vi må vere førebudde på uføresette hendingar, og eit robust landbruk er avgjerande for båre nasjonal og lokal matsikkerheit.

Det sa Olav Håkon Ulfsnes da han vart attvald som leiar i Møre og Romsdal Bondelag under årsmøtet i Molde sist helg. Med 25 engasjerte og innsiktsfulle innlegg i generaldebatten var matsikkerheit, beredskap og framtida for landbruket i fylket hovudtema på årsmøtet, skriv Møre og Romsdal bondelag i ei pressemelding.

Ulfsnes understrekar at det er nødvendig med tydelege krav til styresmaktene for å sikre eit sterkt landbruk.

– Det er vårt ansvar som faglag å fortelje politikarane kva som må til for å sikre god beredskap og matsikkerheit, seier Olav Håkon Ulfsnes.

En mann står foran en stor gresslette
Olav Håkon Ulfsnes, leder i Møre og Romsdal Bondelag.

Eit sentralt tema i den politiske talen han heldt for årsmøtet, var behovet for å snu den negative utviklinga med nedlegging av gardsbruk og jordbruksareal som går ut av drift.

– Historia har vist oss kor viktig matberedskap og sjølvforsyning er. Etter andre verdskrigen hadde vi kontroll på matberedskapen, men den er gradvis blitt svekt. Dei siste åra har vi sett kor viktig det er å vere førebudd på uføresette hendingar. Eit robust landbruk styrkjer matsikkerheita og gjer oss betre rusta mot kriser, seier Ulfsnes.

Han påpeikar vidare at landbruket ikkje berre er ein nøkkel for matforsyning, men også ein avgjerande faktor for nasjonal tryggleik i ei uroleg tid.

Møre og Romsdal Bondelag understrekar at rammevilkåra for bøndene i fylket må bli betra, og at styresmaktene må ta grep for å sikre rekruttering og lønsemd i landbruket. Dette var også eit gjennomgåande tema i debatten under årsmøtet.

I tillegg til attval av Olav Håkon Ulfsnes som leiar, vart Kjersti Fløystad Ellingsgård attvald som nestleiar. Styret elles held fram med dei same styremedlemmene som i førre periode: Kristin Gilje Sandnes (Valldal), Lars Olav Vanberg (Ørsta), Audun Skjervøy (Valldal) og 1. vara Marius Dahle Klever.

Møre og Romsdal Bondelag er det største faglaget for bøndene i fylket.

Samandrag av uttalen «Berekraftig matproduksjon for framtida», vedteken på årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag, 8. mars:

  • Matsikkerheit og beredskap: Møre og Romsdal har sterke landbrukstradisjonar og viktige ressursar for norsk matproduksjon. Gode rammevilkår må sikre vidare drift.
  • Økonomisk berekraft: Små- og mellomstore bruk slit med lønsemda. Inntektene må opp for å sikre rekruttering og framtidig matproduksjon.
  • Beitebruk og rovdyr: Utmarksbeite er viktig for landbruket, men dårleg rovviltforvaltning skapar utfordringar. Bestandsregulering av jerv og gaupe må styrkast.
  • Landbrukspolitiske krav:
    1) sikre inntektsutvikling,
    2) prioritere økonomisk berekraft i distriktslandbruket,
    3) styrkje rovviltforvaltninga.
  • Langsiktig samfunnsverdi: Eit sterkt landbruk er avgjerande for lokal matproduksjon, beredskap og nasjonal tryggleik.
Powered by Labrador CMS