Møre og Romsdal Bondelag om årets krav:

Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag

Ei løysing for auka matproduksjon

– Det er viktig at saue- og ammekubøndene får det løftet dei treng. Dette er avgjerande også for landbruket i Møre og Romsdal, seier Olav Håkon Ulfsnes, leiar i Møre og Romsdal Bondelag.

Publisert

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fremja måndag kravet til jordbruksforhandlingane i år. I kravet står sjølvforsyning, beredskap og eit levande landbruk sentralt. Møre og Romsdal Bondelag støttar fullt ut hovudkrava som jordbrukets forhandlingsutval har lagt fram. Dette skriv Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding måndag. 

Ryggrada i landbruket

– Saue- og ammekuproduksjon, som er viktige produksjonar i fylket vårt, heng kraftig etter inntektsmessig. Derfor er det heilt avgjerande at dei blir styrkte i årets jordbruksoppgjer om vi skal klare å gjere oss nytte av utmarksressursane i landet vårt. Det er mykje å hente på effektiv arealbruk, seier Ulfsnes.

– Grovfôrbasert matproduksjon i distrikta – i fjord- og fjellbygdene våre – er sjølve ryggrada i landbruket i Møre og Romsdal. Utan økonomiske vilkår som gjer det lønsamt å drive, går det ut over både matproduksjon, busetjing og beredskap, meiner Ulfsnes.

Vestlandsbruka heng etter

Mjølke- og ammekubruka på Vestlandet, som dei i Møre og Romsdal, har den svakaste inntektsutviklinga i landet. Ifølgje berekningane i kravdokumentet er det bruka i arealsone 5B – som omfattar store delar av Vestlandet – som har hatt lågast inntektsvekst.

– Dette viser at vi må halde oppe ein aktiv politikk som styrker grovfôrbasert matproduksjon i fylket vårt. For å sikre sjølvforsyninga må landbruket i vår landsdel få ein større del av veksten, seier Ulfsnes.

Lik inntektsutvikling

Kravet frå landbruksorganisasjonane byggjer på at bonden si inntektsutvikling må følgje den same veksten som hos andre yrkesgrupper. Dette inneber ein auke på 27 500 kroner i 2026.

– Det er heilt avgjerande for rekruttering, framtidstru og matproduksjon i heile landet at bøndene får den same inntektsveksten. Vi forventar at staten tek dette på alvor i årets forhandlingar, avsluttar Ulfsnes.

Fakta om kravet frå jordbruket:

• Vidare inntektsvekst i landbruket, med prioritering av produksjonar som ligg lågast i inntekt: sau og ammeku

• Økonomisk ramme på 2 milliardar kroner, som gjennomsnitt skal gi ei auka inntektsmoglegheit på 27 500 kroner per årsverk – det svarer til same utvikling som samanlikningsgruppa av lønsmottakarane

• Auka sjølvforsyning med satsing på korn, grønt, potet og økologisk produksjon

• Reduksjon av klimagassutslepp per produsert eining utan å kutte matproduksjonen

• Styrkt innsats i Nord-Noreg for å sikre produksjon, verdiskaping og nasjonal tryggleik

• Betre velferdsordningar som gir bonden tryggleik ved sjukdom, svangerskap og fødsel

Powered by Labrador CMS